Advertisement
Vil du lære litt meir om korleis ein skriv om historiske hendingar, personar eller stader? Nå har du moglegheit. Frå Høgskulen i Volda kjem høgskulelektor Harald Johanne Krøvel og førsteamanuensis Ola Teige. Dei vil gje oss ei innføring i grunnleggjande kunnskap om emnet.
Stad: Lom Friviljugsentral
Tid: 24. januar 2026
Kursavgift utgjer kr. 750,- (inkludert dugurd (lunch))
Bindande påmelding innan 15. januar 2026. Send melding til [email protected] eller tlf. 469 11018.
Dagsprogram:
10.00-11.00: Kva er mikrohistorie? Perspektiv og eksempel frå norsk og internasjonal
historiefagleg forskning. Ved Harald Johannes Krøvel
11:00-13.00: Kjelder til mikrohistorien. Muntlege og skiftlege kilder, personlege dokument og
offentlege arkiv, aviser og litteratur. Ved Ola Teige
13.00-13.30: Formiddagsmat/Pause
13.30-14.30: Korleis skrive mikrohistoriske artiklar?
14.30-16.30: Respons på utkast til artiklar frå Lom heimbygdslag.
Bli med på kurs!
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Lom friviljugsentral, Bergomsvegen 31, 2686 Fossbergom, Norge, Dombås, Norway
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.







