Advertisement
Vårryddedagen i Våge 🌿Laurdag 21. mars blir me med på den nasjonale ryddeaksjonen og inviterer til Vårryddedagen i Våge. Når snøen smeltar kjem dessverre mykje boss fram, og då er det fint om me kan ta eit tak saman.
Me møtest på Mandelhuset kl. 10:00, der alle får utdelt bossekk og hanskar før me startar ryddinga.
Planen er å byrja rundt hamna i Våge, og så rydda så langt me kjem mot Windsor og ut mot skulen.
Arrangementet er ope for alle som vil bidra litt for nærmiljøet vårt, store og små. Ein liten innsats frå mange gjer ein stor forskjell.
⏰ Tid: 10:00–12:00
📍 Oppmøte: Mandelhuset
🧤 Utstyr: Bossekk og hanskar får du hos oss
Når me er ferdige samlast me igjen på Mandelhuset til varm kakao og saft.
Velkomen til ein kjekk dugnad for eit reinare Våge! 🌊
Advertisement
Event Venue
Mandelhuset, Hegglandsvegen 4,Tysnes, Norway, Bergen
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











