Advertisement
I utstillinga Lobotomiens historie tek kunstnar Lillian Karin Bjørdal for seg eit av dei mørkaste kapitla i norsk helsehistorie, gjennom sterke skulpturelle verk, installasjonar og materielle spor frå kvardagen.Utstillinga opnar i Galleri Gravenstein i Sogndal Kulturhus torsdag 7. mai klokka 18:00. Det blir kulturelt innslag og introduksjon frå kunstnaren.
-----------------------------------------------------------------
I dette prosjektet utforskar Bjørdal eit kollektivt traume som det lenge har vore teia om. Over 2.500 menneske fekk livet endra for alltid, dei blei fråtatt si stemme, sin sjanse til å delta i samfunnet.
– Mi eiga mormor blei lobotomert, ved Opdal Asyl i Molde. Det var ved å leite i familiehistoria at eg fekk inspirasjon til prosjektet, seier Bjørdal.
Advertisement
Event Venue
Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway, Hovevegen 2, 6856 Sogndalsfjøra, Norge, Førde, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.









