Advertisement
UTE I NATUREN Wickssalen, Aukra kulturhus
Billettpris kr. 200,-
Velkommen til ein kveld med gode lokale gjensyn, dei beste klippa - og historiene bak kamera frå NRK-suksessen "Ut i naturen".
Romsdalsnaturen er som skapt for gode naturfilmar. Det fann Per Jarle Heggdalsvik frå Otrøya ut då han begynte så smått med innslag i NRKs naturprogram. Eit av dei første opptaka blei gjort etter tips frå gossingen Asbjørn Windstad. Den nære og lokale naturen utgjer det meste av dei programma naturfotografen laga under vignetten «Ut i naturen» på NRK.
For 20 år sidan kobla han seg saman med forfattar og journalist Arild Hoksnes som manusforfattar for naturfilmane. No blir det gjensyn med nokre av dei kjende scenene frå lokalnaturen – ikkje minst møtet mellom menneske og natur. Dei to la mykje arbeid i å finne menneske i alle aldrar som hadde eit tett og personleg forhold til natur – frå gutungen Ragnar i Molde til den aldersstegne Asbjørn på Skutholmen, og ikkje minst Elise Theoline Tungehaug frå Bud, som var hovedperson i «Min ungdoms vår», som blei belønna med Gullruten i 2012.
Denne kvelden er Heggdalsvik og Hoksnes ute i naturen gjennom videoklipp frå NRK-program, som jamt over hadde fleire hundretusen sjåarar. Her får du høyre meir om det som skjedde bak kamera, det finurlege og finstilte faget som heiter levande naturfoto.
Advertisement
Event Venue
Aukraringen 3, Aukra, Aukraringen 3, 6480 Falkhytta, Norge, Molde, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.






