Advertisement
Gode sambygdingar!TV aksjonen nærmar seg raskt, og me ynskjer å få ei skikkeleg gjennomføring her hjå oss.
Me er mange som er vakse opp med aksjonen som årleg happening på NRK, der lokalsamfunnet har kome saman om å bidra til viktige og store saker.
I fjor vart aksjonen digital på Stord, og det tykkjer me er litt stusseleg. Digitale aksjonar er heller ikkje så innbringande som ein skikkeleg bøsseaksjon.
For å få dette til treng me bøssebærarar! Det er glimrande tidsbruk å ta seg ein runde med familie, vener eller seg sjølv😊
Håper mange vil vere med å bidra til at aksjonsdagen vert ein fin og kjekk fellesdugnad for ei god og aktuell sak.
Her er lenke til årets aksjon:
https://tvaksjonen.no/
Gje lyd om du ynskjer å bidra! Det kan du gjere på melding til Tore (92231854) eller Margunn (90018404) eller ved å gå inn på lenka over og finne Stord Kommune😊
Kan godt hende me finn på noko kjekt i løpet av dagen og, følg med i eventet for oppdateringar😊
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Stord, Stord Island, Hordaland, Norway, Ølen