Advertisement
Me ynskjer velkommen til Oktoberfest med Kilkenny Beerbellies laurdag 18.oktober. Her er det berre til å dressa seg opp på passande vis til Oktoberfest, og bli med på den gode stemninga i gjestehamna! Kilkenny Beerbellies er eit band frå Bergensområdet, som speler irsk og celtisk musikk. Bandet har halde det gåande i nærare 20 år, og speler regelmessig i Bergensområdet.
Bandet kan freista med gode gamle klassikara som The Dubliners, The Pogues, Amy MacDonald og Flogging Molly. Det blir garantert allsong og god stemning.
Bandet består av:
Lars Kristian Stenhaug - Gitar og vokal
Roger Hatlen - Gitar og vokal
Vegard Asbjørnsen - Fløyte, banjo og vokal
Kristoffer Kleppevik Fløtberget - Fiolin og vokal
Geir Karlsen – Bass
Kjøkkenet diskar sjølvsagt opp med matrett som passar seg på ein oktoberfest - currywurst. Mat er ikkje inkludert i billettprisen.
Me opnar dørene kl 20:00 og matserveringa kl 22:00, så ver tidleg ute for å sikra deg dei beste plassane.
Aldersgrense 18 år.
Billettar finn du på https://kulleseidkanalen.no/vare-arrangement/
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Kanalvegen 24, 5437 Bømlo, Norway, Kanalvegen 24, 5437 Finnås, Norge, Ølen, Norway
Tickets