Advertisement
Opplev Torstein Flakne og Claudia Scott på scena saman igjen!I 2026 er det 40 år sidan Torstein Flakne og Claudia Scott stod på scena saman for aller første gong. Det er no fire år sidan dei sist drog ut på turné saman, og etterspurnaden etter å få dei tilbake har vore stor.
Første gong dei opptrådte saman, var under den norske finalen i Melodi Grand Prix i 1986. Med låta «Rock’n’Roll Band», skrive av Claudia og Torstein sjølve, leverte dei det som kanskje er det mest rocka innslaget i MGP si historie. Scena var i Stavanger, Claudia var frontartist, og backingbandet var Torstein sitt Stage Dolls – forsterka med Ronni Le Tekrø og Bård Svendsen. Resultatet? Ein tre minuttar lang fest med knuste gitarar og pyroteknikk.
– Kanskje like greitt vi ikkje vann, ler Claudia.
Sidan den gong har dei begge vorte blant Noregs mest folkekjære artistar.
Torstein Flakne er primus motor i både The Kids og Stage Dolls, og står bak ei rekkje udøyelege låtar. Han er innlemma i Rockheim Hall of Fame saman med resten av Stage Dolls, og har nyleg fylt både Tapperiet og Olavshallen i Trondheim saman med mangeårig kollega Dag Ingebrigtsen.
Claudia Scott er ein av våre fremste artistar innan countryrock og americana, og eit stort førebilete for yngre artistar i sjangeren. Ho har mellom anna motteke tre Spellemannprisar, tre Fjordingprisar, tre SESAC-prisar (USA) og Gammleng Ærespris, i tillegg til å ha gitt ut ei rekkje soloalbum for eit stadig veksande publikum.
No slår dei gitarar og stemmer saman igjen, og inviterer til ei akustisk konsertoppleving med kjende låtar og gode historier frå eit langt liv på vegen.
– Vi har lytta til kvarandre sine låtar, gitt innspel og jobba fram noko vi er veldig stolte av. Vi gler oss som småungar til å framføre dette for publikum. Og vi er jo glade i å mimre litt også – dele historier og anekdotar frå livet som artistar. Æ glær mæ, humrar Torstein.
Det gjer vi òg – dette blir ei oppleving du ikkje vil gå glipp av.
Advertisement
Event Venue
Bergomsvegen 41, 2686 Lom, Norway, Bergomsvegen 41, 2686 Fossbergom, Norge, Dombås, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.




