Advertisement
Toppturhelg i Glitterheim - Ryggjehøe (2142 moh) og Glittertind (2452 moh) 21.–23. augustBli med på ei flott og sosial toppturhelg til Glitterheim, midt i hjartet av Jotunheimen! August er ei fantastisk tid for fjellturar, med stabile forhold, lange dagar og storslått utsyn mot dei høgaste toppane i landet.
Turen passar for deg som er vant til å gå dagsturar i fjellet og ønskjer ei aktiv helg saman med andre turglade. Turen blir leia av lokalkjende, frivillige turleiarar som bruker av fritida si på å dele turglede, tryggleik og erfaring med andre.
Program
Fredag 21. august – Inn til Glitterheim
Oppmøte i Glitterheim turisthytte, ei triveleg og historisk DNT-hytte vakkert plassert på om lag 1380 moh.
Du vel sjølv om du vil sykle eller gå inn til Glitterheim frå parkering ved nasjonalparkgrensa i Veodalen. Oppmøte i Glitterheim før klokka 18.00.
Vel framme blir det tid til å bli kjent, slappe av og nyte fjellufta før vi samlast til felles middag på hytta.
Lengde: ca. 7 km
Høgdemeter: ca. 300 m
Overnatting: Glitterheim turisthytte (betjent)
NB! Hugs sykkelhjem!
Laurdag 22. august – Topptur til Ryggjehøe (2142 moh)
Laurdagen går turen til Ryggjehøe, ein frittståande og flott topp sør for Glittertind. Turen byr på variert høgfjellsterreng og delvis utan god stig, men med storslått utsikt mot mellom anna Glittertind, Galdhøpiggen, Memurutindane og store delar av Jotunheimen. Vi går opp til Steinbuvatnet og vidare i framkant av høe, over toppen og retur via Vesleglupen.
Dette er ein relativt lang og tung fjelltur, men vi legg til rette for gode pauser.
Lengde: ca. 12 km tur/retur
Høgdemeter: ca. 750–800 m
Varigheit: 6–8 timar
Vanskegrad: Krevjande
Kvelden blir tilbrakt på Glitterheim med middag og hyggeleg samvær.
Sundag 23. august – Topptur til Glittertind (2452 moh)
Sundag går turen til Norges nest høgaste fjell Glittertind, med sine 2452 moh. Turen går i ein lang men ikkje alt for bratt motbakke, på til saman 1068 høgdemeter.
Lengde: ca. 13 km
Høgdemeter: 1068 m
Varigheit: 6–7 timar
Vanskegrad: Krevjande
Etter turen syklar/går vi tilbake til parkeringa ved nasjonalparkgrensa.
NB: Båe turane krev relativt bra vær, så det kan bli endring ved dårleg vær.
Praktisk informasjon
Du må ha god grunnkondisjon og vere komfortabel med lengre dagsturar i fjellet
Du kan leige sykkel ved parkeringa.
Vanleg fjellutstyr, inkludert vindtett og varmt tøy. Deler av turen vil gå på snø og krev egna sfjellsko.
Turen går i høgfjell – ver merksam på raskt vêrskifte.
Oppmøtestad
Oppmøte i Glitterheim før klokka 18.00 fredag 21. august.
Påmeldingsfrist: 1. august - på DNT Gudbrandsdalen si nettside: https://aktiviteter.dnt.no/register/toppturhelgiglitterheim_21012026020100#/
Aktivitetsleiar / turleiar
- Nils Arne Haugen, mob. 90 77 01 62, epost: [email protected]
- Nils Mathisrud, mob. 95 43 51 77, epost: [email protected]
Pris
Inkludert i prisen:
– Overnatting på Glitterheim i 2–4-mannsrom
– Middag fredag og laurdag
– Frokost og niste laurdag og sundag
– Turleiing med frivillige turleiarar
Pris:
– Medlem DNT ung (18–26 år): kr 250
– Medlem DNT vaksen (over 26 år): kr 2 470
– Ikkje-medlem: kr 3 750
Advertisement
Event Venue
Glitterheim, Veodalsvegen 2497, 2686 Lom, Norge, Dombås, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.





