Thorvaldsen-kara på Bokhandelen

Fri, 15 May, 2026 at 08:00 pm UTC+02:00

Kyrkjevegen 2D, 266 Dombås, Norway | Dombås

Bokhandelen
Publisher/HostBokhandelen
Thorvaldsen-kara p\u00e5 Bokhandelen
Advertisement
Kent Erik Thorvaldsen er ein av Noregs mest dedikerte musikarar når det gjeld å spela gammal blues. Han er frontmann for det kritikarroste bandet The Jelly Roll Men, som har farta land og strand rundt på klubbar og festivalar i mange år. Bandet har samarbeidd med mellom anna Knut Reiersrud og held seg i Chicagoblues-landet. Bandet gav i 2017 ut plata «Jelly Roll Shuffle», som fekk terningkast 6 i Bluesnews.
Når Kent Erik no set seg ned med gitaren på scena, så er repertoaret endå eldre, og me skal tilbake til deltabluesen – til den tida då historieformidlinga var viktigare enn teknisk briljans. I haust gav han ut soloplata «SUGG.», der Knut Reiersrud og Arne Fjeld Rasmussen bidreg. Plata er full av deltablues på totning, og den er den første i sitt slag. Tekstane er henta frå Kent Eriks eige liv, og me kan lova at alt er sant!
Albert Rudberg-Thorvaldsen er son av ein bluesfundamentalist, så det ville vera rart om ikkje noko av den gamle musikken fann vegen til hjartet. Etter ein lovande ishockeykarriere, vart musikken for tiltalande. Det starta i rocken, men no er Albert på full fart opp og fram i bluesen. Han er allereie i ein alder av 19 år fast gitarist i The Jelly Roll Men, og han er ikkje redd for å syngja litt heller! Albert elskar den gamle bluesen, og han speler allereie med ein nerve og feeling som mange bruker mange år på å finna. For å sitera guten sjølv: «Alt eg vil er å spela blues».
Billettar finn du her: https://www.eventim-light.com/no/a/68906288b52f8e21de06a4dd/e/6968b0146af312395b0f776b
Advertisement

Event Venue

Kyrkjevegen 2D, 266 Dombås, Norway, Kyrkjevegen 2D, 2660 Dombås, Norge, Dombås, Norway

Tickets

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Dombås

17.mai p\u00e5 Galdh\u00f8piggen
Sun, 17 May at 10:00 am 17.mai på Galdhøpiggen

Juvasshytta

Italiensk aften p\u00e5 Pillarguri Kaf\u00e8
Sat, 30 May at 07:00 pm Italiensk aften på Pillarguri Kafè

Storgata 7, 2670 Otta, Norway

Bessheim opnar for sommaren\u2600\ufe0f
Fri, 05 Jun at 02:00 pm Bessheim opnar for sommaren☀️

Sjodalsvegen 2977, Vågå

Plantebytemarknad
Mon, 08 Jun at 06:00 pm Plantebytemarknad

Sentralplassen 3 C, 2660 Dombås, Norway

Melovittens konsertbonanza 2026
Fri, 12 Jun at 06:00 pm Melovittens konsertbonanza 2026

Melovitten

Eventlink p\u00e5 Melovitten Konsertbonanza i V\u00e5g\u00e5mo!
Fri, 12 Jun at 06:00 pm Eventlink på Melovitten Konsertbonanza i Vågåmo!

Moavegen 3, 2680 Vågåmo, Norge

Dombås is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Dombås Events