Advertisement
The Long Road to Freedom - Songarlaget syng American folk songsDet er duka for ein konsert som luktar av støvete amerikansk western når Songarlaget 13. juni inviterer til konsert på Kulturhuset i Suldal. Kjende klassikarar som «We Shall Overcome», «Where Have All The Flowers Gone?», og «Pay Me My Money Down» blir kledd i Bruce Springsteens drakt i alt frå det rolige og inderlige, til det energiske, skranglande og skrålande.
Med på laget i saloon-en er Tove Solheim på fele, Mark Laurenson på banjo, Veerle Haug Tieghem på trekkspel, Einar Olsen på gitar, Rolv Henrik Øye på trommer, Kristin B. Kleppa på trompet, Kristin Sandvik på trombone, og Solveig H. Bratland på tuba. Saman med oss i Songarlaget, og Martin Haug Tieghem som dirigent, blir det baluba når det trengst, og nedpå og vakkert når songar som «Shenandoah» får skina i nyskrivne arrangement.
Songar som «Bring ‘em Home» har med sine antikrigs-bodskap dessverre blitt altfor relevante igjen. Me i koret kan ikkje anna enn å stemma i med protestsongar i harmoni med mange generasjonar før oss. Sjølv om mange av dei amerikanske folk songs har oppstått i dei håplause situasjonane dei afroamerikanske og den fattige arbeidarklassen stod i, er dei likevel prega av håp og glede. I fellesskapet om songen og musikken finst trøyst, tru, og lengsel etter ei betre verd ein gong.
Velkommen til konsert!
Advertisement
Event Venue
Løhaugen 1, 4230, Løhaugen 1, 4230 Sand, Norge, Sauda, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.







