Advertisement
Hardingfelespelarane Håkon Høgemo og Erlend Viken møtest i eit særmerkt og rytmisk samspel med djupe røter i slåttetradisjonen frå indre Sogn. Høgemo, med eit enormt slåttemateriale i bagasjen, og Viken, med bakgrunn frå Oppdal, fann tidleg tonen gjennom Eldegard‑slåttane og den rå, direkte spelestilen.
No gjev duoen ut sitt første album, med eit utval sogneslåttar, og held seg tett på tradisjonen samtidig som dei dreg rytmikk og harmonikk i nye retningar.
Dette er enkelt, intenst og drivande slåttespel, der energi og presisjon står i sentrum.
Duoen er òg å høyre på opningskonserten, saman med dansar Vilde Westeng, og spelar til dans laurdag kveld i Festsalen i Førdehuset.
Advertisement
Event Venue
Trapp Ned, Hafstadvegen 31,Førde, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











