Advertisement
To av Norge sine mest populære komikarar har slått seg saman med eitt mål for auge: Å gi deg eit skikkelig artig show! Og DET trengst når verda går meir og meir av hengslene.Høy og Mørk er ei framsyning spekka med stand-up, musikk og parodiar, og vi kan love at latteren sit laust når John og Terje begir seg inn i tema som høge, mørke maktsjuke leiarar, beredskap, generasjonskonfliktar og frykta for å plutseleg vere den eldste i familien.
Kvifor vil nokon endre verda etter fylte 75? Var livet mindre komplisert på 80- og 90-talet? Og kan ein fake seg gjennom det meste i livet? Terje og John tek for seg nokre av dei store og viktige spørsmål i livet... men også ting du ikkje visste at du trengte svar på.
Gjer deg klar for ein kveld spekka med masse latter og god stemning!
John Brungot er ein av Norge sine mest ettertrakta humoristar og har lang og brei erfaring frå både scene, TV og film. Han har vunne prisen “Årets TV-komiker” under Komiprisen og har vore med i humorprogram som “Torsdag Kveld Fra Nydalen”, “Nårje” og Søstrene ser på TV”. John har også vore programleiar for fleire store TV-suksessar. For tida er John å sjå i “Humoretaten” på NRK.
Terje Sporsem er ein av landets mest folkekjære standup-komikarar og har sett opp fleire soloshow som har hausta toppkarakterar og visast framleis jamnleg på NRK. Han har også ei lang tv-karriere bak seg og har vore programleiar for ei rekkje program og har også gjort seg bemerka som deltakar i flere populære konsept. Han har blitt tildelt “Stå opp-prisen” og er mange gongar Komipris-nominert. Terje feirar 30 år som komikar i 2026!
Advertisement
Event Venue
Fosnavåg konserthus, Gerhard Voldnes veg 7,Fosnavåg, Norway, Aalesund
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.




