Advertisement
Korleis står det til med sykkelen etter vinteren? Treng du å justere bremser og gir, eller kanskje smøre kjedet?I samband med Sykle til jobben-aksjonen har vi gratis sykkelservice i Fyllingsdalen, framfor Tryg forsikring.
Tilbodet om sykkelservice gjeld dei syklane mekanikarane rekk over i løpet av arrangementet, så det kan lønne seg å møte opp med sykkelen i god tid. (Enkel service, ikkje reparasjonar).
Velkommen!
OM SYKLE TIL JOBBEN:
Sykle til jobben er ein landsdekkande aktivitetskampanje som varer frå 3. mai til 16. juni. Påmelding er gratis for alle innbyggarar i alle Miljøløftet-kommunane: Bjørnafjorden, Alver, Askøy, Bergen og Øygarden.
All aktivitet tel, om det er sykling, dans, gåing, springing, symjing eller turar i fjellet. Og alle som registrerer aktivitetane sine er med i trekninga om fine premiar.
Les meir og meld deg på her: www.sykletiljobben.no
OM MILJØLØFTET:
Miljøløftet er samarbeidet mellom stat, fylke og fem kommunar om nullvekstmålet i bergensområdet: Å unngå at personbiltrafikken veks, sjølv om folketalet gjer det. Dette skal skje gjennom meir kollektivtrafikk, fleire gang- og sykkelvegar og betre arealbruk.
Les meir: www.miljoloftet.no
Advertisement
Event Venue
Tryg Forsikring Norge, Folke Bernadottesvei 50,Bergen, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.