Advertisement
Opplev urørt natur på sitt besta på denna sundagsturen utafor merka sti med trollbindande utsikt mot Hardangerfjorden. Gradering / vanskelegheitsgrad:
Krevjande (raud): Omlag 600 høgdemeter, 23 kilometer, 9 timar.
Turomtale:
Me startar frå Haugamoen på Rong og fylgjar stølsvegen opp til Løkjane. Deretter forset me på umerka sti forbi Løkjabotnen kvar me byrjar på stigningane opp mot Steinsetvatnet og inn mot Reinsdyrhytta.
Etter ein matpause, forsett me mot Synken og får ein formidabel utsikt ned mot Hardangerfjorden.
Mogleg me går ned til toppen av gamle trallebanen som kom opp frå Ålvik. På returen kan det henda att me går ned att på aust sida av Karaldavatnet, før me treffer stien ned att til Løkjane og Rong.
Meir info og påmelding:
https://aktiviteter.dnt.no/register/sundagsturrongbjolsegro_20022026113837#/
Advertisement
Event Venue
Holdbergsplassen, Voss, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.




