Advertisement
På turen til Kalvsnesnosi får du ei fantastisk utsikt over verdsarvområdet. Turen er krevande og er du van til å ferdast i fjellet er dette en tur som er verdt å bli med på. Gradering / vanskelegheitsgrad:
Ekspert/ Ekstra krevjande (Svart)
30 km, 927 høgdemeter, total tidsbruk: 10 - 12 timar.
Turomtale:
Kalvsnesnosi er ei skjult perla ved Aurlandsfjorden med spektakulær utsikt utover Nærøyfjorden.
Turen startar på Aurlandsfjellet ved Flotvatnet. Dei fyrste to kilometerane går me oppover ein grusveg med 163 høgdemeter stigning. Turen går vidare på ein traktorveg (som er eit resultat av kraftutbygging). Deretter går me i flott landskap langs Soleibakkvotni til Erterhaugvatnet i lettgått terreng. No går turen nedover til Kolarbotn, før me tar fatt på stigninga til toppen. Dei siste 2 kilometerane til toppen blir meir krevjande og går i steinete fjellterreng.
På toppen står me midt i verdsarvområdet og kan nyta spektakulær utsikt. På vegen tilbake går me omlag 4 kilometer sør/øst langs ryggen før me går ned til Kolarbotn. Frå Kolarbotn blir det mest oppoverbakkar (totalt 10 kilometer til Flotvatnet).
Meir info og påmelding:
https://aktiviteter.dnt.no/register/sundagsturkalvsnesnosiavlyst1_06022026101634#/
Advertisement
Event Venue
Holdbergsplassen, Voss, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.





