Advertisement
Opplev ein fantastisk utsikt frå Fuglafjellet 1343 moh; den høgste toppen i området mellom Bergsdalen/ Hamlagrø og Kvamskogen/ Hardangerfjorden.Gradering / vanskelegheitsgrad:
Krevjande (Rød): 900 høgdemeter, 25 kilometer (ca. 7 timar, inkludert pausar). Erfarne turgåerar, god utholdenhet, godt utstyrt.
Turomtale:
Me startar flatt fra Osen langs Hamlagrøvatnet til stølen Lii (1,5 km), deretter i varierande terreng med jevn stigning opp til Vending (skaret), ca 850 moh.
Me passerer idylliske Solheimsdalen og skrir vidare ned i starten av Fugladalen, ca 800 moh. Her får me utsikt ned den «ville» Vossadalen som kjem opp frå Fitjadalen/ Øystese. Så vert det ein stigning opp til Fossavatnet (859 moh), vidare framoverlangs vatnet og deretter ein ny kneik opp til Øvre Fugladalsvatnet (942 moh).
Så langt har me stort sett gått rett sør, men herfrå kryssar me oss opp mot vest dei siste 400 høgdemeterane til toppen av Fuglafjellet 1334 moh. Noko bratt ein del plassar, ingen direkte «luftige» parti, men her er me i eit terreng der ein må ha god sikt for å kunna gå trygt. På toppen er det vid utsikt i alle retningar.
Ned att startar me turen med fine nedrenn om Sørfuglen (1284 moh), og kryssar tilbake til løypa me kom opp. Deretter retur same løype ned att. Attende på Holbergsplass: ca. kl. 18.00.
Meir info og påmelding:
https://aktiviteter.dnt.no/register/sundagsturfloyelsbratenogoykjafonn1_06012026103824
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Holdbergsplassen, Voss, Norway
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.



