Advertisement
Lang flott tur i eit av dei finaste fjellområda på Voss. Slik går ruta i korte trekk: Dyrvedalen - Volafjellet - Gygrabruni - Slettafjellet - Lønahorgi - Bavallen.Gradering / vanskelegheitsgrad:
Ekstra krevjande (svart) tur. Turen er på omlag 26 km og 1480 høgdemeter.
Turomtale:
Starten på turen går opp skogsvegen til Buneld. Er me heldige, kan me ta på skia ved parkeringsplassen. Ein fylgjer vegen opp til endes, der ein går vidare mot Mjølkråni. Kneika opp Mjølkråni er veldig bratt, så mest sannsynlig må skia av, for så å fortsetja på beina opp.
Normalt sett er det omtrent alltid scooterspor opp til Volafjellet. Vegen vidare til Volafjellet, fylgjer ein sporet, som går om lag der som sommarløypa går. Opp mot Volafjellet får ein flott utsikt heile vegen. På toppen kjem ein liten fin nedskriing mot Gygrabruni. Oppe på Gygrabruni, er det berre å nyta den fine utsika mot Kvitanosi og området rundt Volahytta og Tvinnestølen.
Ned frå Gygrabruni blir det ein kort og litt brattare nedskriing. Vidare til Kvanngrøvotni, kan det bli litt opp og ned-stigning alt etter korleis skavlane liggje. Etter å ha labba over Kvanngrøvotni, blir det ein kort stigning opp til flotte Slettafjellet. Her får ein fin utsikt utøve Nedsta Piksvatnet og Vidvangane.
Siste stigning for dagen går opp mot Lønahorgi, langs ryggen mot høgde 1304 moh og 1330 moh. Siste delen frå Lønahorgi går ned til Horgaletten og vidare nedover skiløypene og familieløypa til Bavallen.
Meir info og påmelding:
https://aktiviteter.dnt.no/register/avlystsundagsturdyrvedalenlonahorgitrastolen1_18122025112733
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Holdbergsplassen, Voss, Norway
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











