Advertisement
Det som er mellom - om poetisk skriving i kunstnarleg refleksjonsarbeidGjester: Gyrid Nordal Kaldestad (Komponist og musikar) og
Marte Huke (forfattar)
Torsdag 5. desember kl. 15.00-17.00
Rom: 01015 på Norges Musikkhøgskole
Fri entré og ope for alle!
Kaffi, te, kjeks
Arrangementet vert gjennomført på norsk.
Kva vil det seie å skrive poetisk? Korleis kan ein forme ein refleksjon i kunstnarisk utviklingsarbeid i eit poetisk språk? Kan det å skrive i eit poetisk språk opne nye dører i eige kunstnarisk arbeid?
Dette er spørsmål vi vil ta opp på stipendiatforumet torsdag 5. desember, når Gyrid Nordal Kaldestad og Marte Huke gjestar NMH og stipendiatforumet. Gyrid disputerte i haust ved NTNU med arbeidet "Det som er mellom", der ho søkte å finne ein samanheng mellom dei ulike uttrykka ho som kunstnar gjennom åra har arbeida med. Vi får høyre og sjå utdrag frå arbeidet hennar på forumet.
«Slik eg ser det er alt eg gjer på ulike måtar ein respons på noko, ei oppleving som ein tar med seg vidare inn i det kunstnariske arbeidet og som kan være inspirert av kunstverk og kunstnarskap, landskap, minner om landskap, minner om musikk og stader, menneske ein møter og minner om menneske ein har møtt», skriv Gyrid om eige arbeid.
Ho har hatt forfattar Marte Huke som si andre rettleiar, og i stipendiatforumet får vi høyre meir om kvifor Gyrid ønskte å få rettleiing frå ein forfattar, og om korleis dei samarbeidde.
Møt opp i god tid ved resepsjonen om du ikkje er kjend på musikkhøgskolen, så vil nokon vise fram til rom 01015.
---
Gyrid Nordal Kaldestad er komponist og musikar. Ho har bakgrunn frå improvisasjon og elektroakustisk musikk og arbeider med vokal/song, liveelektronikk, feltopptak og tekstskriving for bruk i komposisjonar og installasjonar. Gyrid er nestleiar i Norsk komponistforening.
Marte Huke er forfattar, og debuterte på Tiden Norsk Forlag med diktsamlinga Delta i 2002. Ho har skrive tilsaman fem diktsamlingar, ein roman og ei gjendikting. Huke har bakgrunn frå Skrivekunstakademiet i Hordaland og Litterär gestaltning ved Göteborgs universitet. Ho har mange samarbeid med kunstnarar i andre sjangrar bak seg, innan musikk, dramatikk, dans og biletkunst. I meir enn tjue år har ho halde skrivekurs for ulike grupper.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Norges musikkhøgskole, Slemdalsveien 11, 0369 Oslo, Norge,Oslo, Norway