Advertisement
																								 
											
                  	
                    Det er det ingen tvil om, Steinar er trygg på å ha funnet sin plass. Han lever og andar for musikken og artistkarrieren. Med ein heidundrande jubileumskonsert ønskjer han å ta med seg publikum på ei reise frå då han som smågut måtte lurast inn bakdøra på Stadlandet Grendahus for å spele til dans – og fram til i dag, der han med den største sjølvfølge står fremst på dei viktigaste scenene i landet og deler musikk og historier.
Denne kvelden skal feire Steinar sine første 60 år i livet, og hans 45 år på vegen som turnerande artist. Med andre ord blir det musikk som har stått han nær, og låtar som vekkjer minner – samstundes som Steinar sit på ein heil katalog av sjølvskrivne låtar som har fått hitstatus. Her finn vi låtar som dagleg blir brukte i alt frå radio og koroppsetjingar til barnehage- og skuleundervisning, og i kvardagsrommet i dei tusen heimane! Som det naturlege samlingspunktet omgir Steinar seg med eit utal musikarar og vener som blir med han på scena denne kvelden.
                  			Advertisement
																								 
											
                  	
                    Event Venue & Nearby Stays
Firdavegen 21, 6823 Sandane, Norway, Firdavegen 21, 6823 Sandane, Norge, Stryn, Norway
								    Tickets
								
							 
								
									Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place. 
								
							



