Advertisement
30.august 2025 ynskjer Stalheim Landskapspark i samarbeid med lokale ungdomslag og idrettslag å arrangere kulturarvdag på Stalheim.På dagtid vil Vossestrand barnekor opne arrangementet, som vert etterfulgt av Stalheimskleiva opp.
Stalheimskleiva opp vil som tidligare år bestå av barneløp, familieløype med quiz og konkurranseklasse for damer og herrar.
Nytt av året er at me vil ha eit ungdomsløp(halve Kleiva) og stafettar opp Kleiva.
Stafettene består av 7 etapper fordelt opp dei 13 hårnålssvingane. Kvar lag stiller med opptil 7 deltakarar, éin per etappe. Her gjeld det å kombinere kondisjon, lagånd og kreativitet - for me kårar ikkje berre det sprekaste laget, men også den mest kreative! Me ynskjer bedrifter, vener, familiar, grendelag, idrettslag, hyttelag velkomne til stafett, og håpar nokon tek utfordringa!
Påmelding til ungdomsløp og konkurranseklasse: Eqtiming -->
https://live.eqtiming.com/78372#dashboard
Påmelding til stafett, Send e-post til: [email protected]
På kvelden vert det høve til å kjøpa middag på Stalheim Hotel før me avsluttar dagen med konsert med Folk Flest og Strendingen på Stalheim Hotel.
Velkomen til ein dag (og kveld!) med innsats, glede og opplevingar på Stalheim!
Sjå www.stalheimskleiva.no for meir info.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Stalheimskleiva, 5700 Voss, Norway, Stalheimskleiva, Stalheimsvegen, 5715 Vossestrand, Norge, Voss, Norway