Advertisement
Team Joggis inviterer til Sparebank 1 Vartdalsstranda Halvmaraton laurdag 23. mai 2026!For sjette gong ønskjer vi velkomen til Sparebank 1 Vartdalsstranda Halvmaraton – eit løp for alle som vil oppleve flott natur, god stemning og eit inkluderande arrangement på Vartdal.
Som alltid går 100 % av deltakaravgifta til Kreftforeininga, og vi håper på stor deltaking til støtte for ei viktig sak.
Løypene
Halvmaraton (21 km):
Start og mål ved Vartdal skule. Løypa går rundt dalen, vidare til Nordre Vartdal og tilbake til mål ved skulen.
10 km (med tidtaking):
Eit flott alternativ for deg som ønskjer ein kortare, men framleis utfordrande trasé rundt dalen på Vartdal.
Trimløp:
Valfrie distansar på 5, 7 eller 10 km rundt dalen. Starttidspunktet er valfritt, og barn kan bruke sykkel. Alle deltakarar får medalje!
Barneløpet "Mini Joggis"
Perfekt for dei minste! Løypa er 500 meter eller 1 km, med start og mål ved skulen.
Medalje til alle deltakarar. Påmelding skjer i sekretariatet løpsdagen. Pris: 50 kr per deltakar.
Program for dagen
09.00 Sekretariatet opnar
11.00 Start halvmaraton
11.30 Start Mini Joggis
12.00 Start 10 km
14.00 Premieutdeling
Praktisk informasjon
Utlevering av startnummer skjer på Vartdal skule løpsdagen. Møt opp i god tid før start.
Vi gler oss til å samle store og små til ein dag fylt med løpeglede, meistring og fellesskap. Følg oss på Facebook for oppdateringar fram mot løpsdagen!
Velkomen til Sparebank 1 Vartdalsstranda Halvmaraton 2026! 🎉
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Vartdal Skule, Myrevegen 67, 6170 Vartdal, Norge, Volda, Norway
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.


