Advertisement
Det er sårt å miste sine næraste, gamle foreldre – eller andre som berre alltid har vore der. Ei sorg vi ikkje snakkar så høgt om. Her inviterer vi til ei varsam og meditativ framføring. Eit rom å vere i med eigne tankar og kjensler – men og saman i eit større fellesskap – der tekst og tonar til tider flyt saman, men og står kvar for seg.Publikum får oppleve musikk mellom anna av Arvo Pärt og Johann Sebastian Bach, i samspel med tekstar av Karoline Emmerhoff frå boka «Eg har ikke mor, eg», som ho gav ut sist haust. Boka handlar om å miste ei mor, langsamt.
Samarbeid mellom Karoline Emmerhoff, Munor, Avaldsnes menighet og Karmøy kyrkjeakademi.
Støtta av Regionalt Kulturfond
Advertisement
Event Venue
Avaldsnes Kirke, Kong Augvalds veg 110, 4262 Avaldsnes, Norge, Haugesund, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.








