Advertisement
Er du i alderen 10-13 år?Bli med på aktivitetsskulen Sommarleik på Sunnfjord Museum!
Sommarleik er tre aktivitetsdagar og i år blir den gjennnomført 22.-24. juni (veke 26), alle dagar klokka 09.00-15.00.
Dette er fjerde året vi arrangerer eit slikt tilbod. Vi legg vekt på at vi skal ha det moro og lærerikt, og borna skal få prøve seg på ulike aktivitetar, få utfordringar, kjenne meistring og få nye vener. Rammene for dei tre dagane er museet og museumsområdet, og vi skal vere MYKJE ute og litt inne.
På Sunnfjord Museum er vi også ut i båt på Movatnet som ligg rett nedanfor friluftsmuseet. Borna får lære å ro, sette garn og dra garn. I 2023 fekk vi ca. 350 aure på dei tre dagane vi sette garn og fiska med borna. Alt laga vi nydeleg middag av, og det skal vi etter planen også gjere i år. Vi håpar på bra fangst!
Fisk kjem difor til å stå på menyen når vi har lunsj.
Borna skal også vere med å sløye fisken, og reinske garna for rusk og rask.
Aktivitetar på Sommarleik:
* Smiing
* Husflidsaktivitetar som til dømes nålefilting, måling, trykk på tekstil, veving, m.m.
* Spikking og arbeid i tre på verkstaden.
* Roing i båt, sette/dra garn og sløying av fisk. Dette vert organisert av fire karar frå Movika Not- og samkomelag.
* Småaktivitetar undervegs som å klappe geitene, spikke, leike.
PÅMELDING: Vi opnar for påmelding i veke 19. Påmelding og betaling skjer via museet sitt system, Museumsbillett. Dette gjer du på museet sin nettstad: https://misf.no/sunnfjord-museum/opplevingar/sommarleik-2026
PRIS: kr. 950,-
Bindande påmelding. Kurset har plass til 15 born.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med museumspedagog Nina Renate Brendsdal på
tlf. 41 42 19 59 eller send ein e-post til [email protected]
Advertisement
Event Venue
Jølstravegen 107, 6819 Førde, Norway, Jølstravegen 107, 6819 Førde, Norge, Førde, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.





