Advertisement
Storband ved fjorden! Oldtimers Big Band feirar sommaren med sin tradisjonsrike sommarkonsert på Oseana-terrassen, og byr på fengande storbandmusikk.
Under leiing av maestro Are Ovesen skal dei spela kjende instrumentallåter, og songarane Marita Moe Sandven og Fredrik Schmidt Fotland skal tolka låter av mellom andre Michael Bublé, Frank Sinatra, Joni Mitchell og Stevie Wonder.
Oldtimerane er optimistar og ser for seg ein konsert ute i strålande sol, men har sjølvsagt ein plan B dersom vêret ikkje spelar på lag.
Kom på konsert søndag 21. juni klokka 16.00. Lytt til musikken – dans hvis du vil. Du er uansett hjarteleg velkommen til sommarfesten!
___
Varigheit: Om lag 2 timar, inkludert pause.
Ledsagarar har gratis inngang. Billettar til ledsagarar får du via
vår resepsjon. Kom innom eller kontakt oss på telefon 917 50 231 / e-post [email protected] . Vår ordinære opningstid er onsdag–søndag kl. 12:00–16:00.
Advertisement
Event Venue
Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norway, Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norge, Bergen, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.










