Advertisement
SLEPPEFEST (og konsert)Tysdag 18. februar blir det halde sleppefest for den nye novellesamlinga mi (https://samlaget.no/products/44) i lokala til Arna vidaregåande skule.
Programleiar Svein Arne Nybø skal lose oss gjennom ein uformell samtale om boka. Eg kjem til å lese litt, og skal også framføre eit knippe eigenproduserte låtar i lag med det som må kunne seiast å vere Arnas beste fylkeskommunale orkester: Personalportalen.
Det vil bli servert kaffi og heimebaka kringle! Gratis inngang! Alle er hjarteleg velkomne!
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Arna vidaregåande skule, Vestlivegen 43,Bergen, Hordaland, Norway