Advertisement
«Kvi tralar det ikkje lenger i skogen?» er tittelen på Carl Gustav Sparre Olsens romanse frå 1926, med tekst av Kristofer Uppdal. Lite kunne dei to vita kor brennaktuelt dette spørsmålet skulle vera hundre år seinare. For det trallar ikkje lenger så mykje i skogen. Over halvparten av observerte fugleartar i Noreg står no på raudlista. Dei fleste av dei trua artane i Noreg bur i skogen. Og aldri før har nedbygginga av skog gått føre seg i eit raskare tempo. Hundrevis av skogar med høge naturverdiar er hogne dei siste åra, og skogen har blitt ein arena for ein av dei
viktigaste naturkampane.
Sopran Ingrid Vetlesen og pianist Marita Kjetland Rabben har gjort det til fellesprosjektet sitt å laga konsertar med fokus på naturen. Sidan 2021 har dei turnert med «Havklang»-konsertar langs norskekysten. I samband med Friluftslivets år 2025
drog dei to på turné med oppfølgjarkonserten «Skogklang» ulike stader på Aust- og Sørlandet. No er dei i gang med ny turnérunde.
Billettar kan kjøpast her: https://stord.kulturhus.no/skogklang-ei-stotteerklaering-til-skogane-me-mista-k7a8wb/
Skogen har mange funksjonar for oss menneske, og i «Skogklang» vil publikum få høyra korleis han har inspirert diktarar og komponistar. Det er hyllester og poetiske
skildringar, men også utvald musikk som eit bilete på den sorga, håpløysa, raseriet og ikkje minst kamplysta me menneske kan kjenna på i møte med det pågåande tapet av skogane våre.
Musikk av nordiske komponistar: Sparre Olsen, Grieg, Rangström, Sæverud, Alnæs og Sibelius m.fl.
Med seg på konsertane inviterer dei lokale skogforkjemparar eller naturvernarar til å halda ei innleiing, og på Stord vil Per Fadnes ha eit innlegg før konserten.
Om utøvarane:
Sopran Ingrid Vetlesen er utdanna ved Operaakademiet i København og konservatoria i Tromsø og Stavanger. Ho er ein ettertrakta solist og gjer mykje kammermusikk. Ho var seinast i sommar aktuell som solist under Risør Kammermusikkfest og har etablert Lillesand Operafestival.
Marita Kjetland Rabben (pianist) er utdanna frå Griegakademiet, Musikhochschule Freiburg og NTNU. Ho er aktiv som solist og kammermusikar. I mai var ho aktuell under Festspillene i Bergen, og ho var del av ein stor suksess med framsyninga
Haugtussa på Nationaltheatret nyleg.
Ingrid og Marita sitt samarbeid starta i 2014. Duoen har produsert konsertane «Havklang», «Wien og vals», «Klassisk til skogs» (i Ekebergparken) og konsertframsyninga «Frå natt til dag» (for menneske med demenssjukdom). Duoen har tidlegare teke imot prosjektstøtte frå Kulturrådet, FFUK, Creos Vederlagsfond og
Oslo kommune i samband med duoverksemda si.
Advertisement
Event Venue
Stord Kulturhus, Hamnegata 1, 5411 Leirvik, Norge, Ølen, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.






