Advertisement
Yppal inviterer til ein kveld der sideren får spela hovudrolla.Denne kvelden kjem Asbjørn frå Ulvik Frukt & Cideri, og Yppal serverer ein 4-retters middag der kvar rett blir laga for å spele på lag med sideren hans. Pommelierane på Yppal har sett saman ein meny der smakane i glaset får styre retninga på det som kjem på tallerkenen.
Mesteparten av råvarene på tallerkenen kjem frå Ulvik, både frå fjorden og frå gardane rundt.
Kvelden startar med ein liten velkomstrett og aperitiff før vi går vidare gjennom fire rettar med nøye utvalde siderparingar undervegs.
Asbjørn vil fortelje om siderane undervegs, og guide oss gjennom kvelden saman med gjengen på Yppal.
Ein kveld for deg som set pris på gode smakar, lokale råvarer og eit breitt utval kvalitetssider.
Pris: 1850,- per person
Inkluderer velkomstrett, aperitiff, 4-retters middag og mat tilpassa kvar sider.
Om Ulvik Frukt & Cideri
Ulvik Frukt & Cideri er ei familiebedrift på garden Hakastad. Garden ligg sørvendt og solrikt midt i fruktbygda Ulvik i Hardanger. Målet deira er å utvikla ei bedrift som er tufta på kvalitet, kultur og kompetanse. På garden dyrkar dei dei vanlege eplesortane, men har i tillegg planta fleire gamle eplesortar og nokre engelske/franske sidersortar. Med utgangspunkt i dette sortsutvalet, kan dei tilby ulike smaksvariasjonar av eplejuice og sider spesielle for garden Hakastad.
Advertisement
Event Venue
Promenaden 7, 5730 Ulvik i Hardanger, Norway, Promenaden 7, 5730 Ulvik, Norge, Voss, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.






