Advertisement
Sunnfjord Museum feirar 100 år med kulturhistorisk forvalting og formidling!Bli med på ein spennande aktivitetsdag der vi lanserer dei tre store prosjekta for jubileumsåret, og sparkar i gang årets sommarsesong.
Denne dagen kan du:
* Sjå jubileumsutstillinga og utforsk fortida, samtida og framtida til Sunnfjord Museum. Utstillinga ser du i den nyrenoverte utstillings- og formidlingssalen i 2. etg, i Besøksbygget.
* Opplev guida omvisingar i det historiske Løsetloftet og dei nye miljøutstillingane i Movika Landhandel og Skomakarverkstad (Gulehuset)
* Møt årets geiter! Tradisjon tru får årets geiter namna sine denne dagen.
* Kos deg med uteleiker i tunet og prøv deg på aktivitetar i Huus-stova
* Sjå og lukte, på blomar og urter i urtehagen.
* Gå tur på Mostien og besøk museumsstølen undervegs. Du kan også følge stien til den flotte Huldefossen. Kart over turstiane i området finn du ved inngangen til Besøksbygget.
* Ta turen innom museumsbutikken. Her finn du eit utval av bøker, gåveartiklar, tradisjonelle leiker, og handverksprodukt. Vi har servering av kaffi, is, og kioskvarer.
* Sett deg ned og nyt noko godt i kafeen i Halbrendhuset. Dersom sola skin finn du mange fine sitteplassar ute på museumsområdet.
Med atterhald om endringar.
Endringar vert opplyst om på nettsida vår https://misf.no/sunnfjord-museum/opplevingar/sesongopning-sunnfjord-museum-100-aar
Billettprisar:
Vaksne: 140 kr
Honnør & Student: 110 kr
Born 0-17 år: Gratis
Har du årskort til Musea i Sogn og Fjordane? Då kjem du gratis inn på arrangementet.
Advertisement
Event Venue
Jølstravegen 107, 6819 Førde, Norway, Jølstravegen 107, 6819 Førde, Norge, Førde, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.





