Advertisement
Møt Sidsel Wold i samtale om boka Israel – et land i kamp med seg selv.Sidsel Wold er journalist, forfattar og har vore NRKs korrespondent i Midtausten i ei årrekke. I boka «Landet som lova alt», fortel ho mellom anna den personlege beretninga om si eiga reise frå kibbutzen til eit turbulent liv som korrespondent. I 2025 gav Wold ut boka «Israel – et land i kamp med seg selv». Der skildrar ho eit splitta samfunn og eit land prega av sterke interne motsetnader. I tida etter Hamas sitt angrep 7. oktober 2023, og i takt med talet på drepne på Gaza, har den indre uroa i Israel berre vakse. Gjennom nære møte med sekulære israelarar, busetjarar, gisselfamiliar og politikarar stiller ho eksistensielle spørsmål om landet Israel kan overleve den djupe splittinga.
Møt Sidsel Wold i samtale med Erlend Tårnesvik Dreiås.
Samtalen skjer på Scene 3. Den er gratis og open for alle, men du må hente ut gratisbillett.
I samband med oppsetjinga av Gjenferdet inn, dedikerer Det Norske Teatret, Scene 3 til ei undersøking av dei store spørsmåla om Midtausten. Sjå heile programmet på detnorsketeatret.no
Advertisement
Event Venue
Kristian IV’s gt.8, 0164 Oslo, Norway, Kristian IV's gate 8, 0164 Oslo, Norge, Oslo, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











