Advertisement
Brageteatret: "Robin Hood og Den Sorte Hette" av Nils Petter Mørland Robin Hood har vorte ein arrogant kjendis! Møt Den Sorte Hette, den nye, kulare røvaren, i Brageteatret sin musikalske familiekomedie.
Robin Hood er viden kjent som landets beste røvar, som tek frå dei rike og gjev til dei fattige. Og det er han veldig fornøgd med. Robin Hood har rett og slett vorte skikkeleg høg på pæra, og er meir opptatt av å vere kjent og kul enn å hjelpe andre. Men, så dukkar ein ny røvar opp - Den Sorte Hette - som er endå kulare og mykje greiare enn han. Det vil ikkje Robin gå med på - Den Sorte Hette må stoppast!
Kven er denne mystiske tjuven? Og er ein eigentleg verdt noko når ein ikkje lenger er best?
Brageteatret sin Robin Hood er basert på den populære myten om den fryktlause landevegsrøvaren. Du møter både røvarar, Marion og Prins Johan. Det blir forkledningar, misforståingar, styrtrike folk og ikkje minst ein veldig, veldig sjølvgod Robin Hood som får seg ein ordentleg knekk.
Det blir slåssing, luring og latter om kvarandre i denne musikalske familiekomedien, inspirert av rockeheltane på 80-talet.
Regi og manus er ved Nils Petter Mørland - tidlegare teatersjef på Brageteatret og ein del av ensemblet på Det andre teatret i Oslo.
Robin Hood og Den Sorte Hette høver frå 6 år.
På scena: Maja Christiansen, Håkon Thorstensen Nielsen, Marte Mørland, Oda Djuplasti, Jawad Aziz og Lars Halvor Andreassen.
Manus og regi: Nils Petter Mørland
Lys og scenografi: Oscar Udbye
Kostymedesign: Mari Lotherington
Komponist: Håvard Gressum Antonsen
Koreograf: Sunniva Skeide
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Ål kulturhus, Sundrejordet 8A, 3570 Ål, Norge, Hønefoss, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.






