Advertisement
Engasjerande, sterkt og rørande! Publikum og kritikarar er einige om at «Prima Facie» frå Riksteatret og Nationaltheatret er vinterens sterkaste teateroppleving. Møt Tessa! Ein ung, vellukka forsvarsadvokat som har jobba seg opp til det øvste sjiktet i spelet; kryssforhøyre, forsvare og vinne. Alt ser ut til å gå hennar veg.
Ein kveld vert ho brått kasta inn i ein situasjon der ho møter seg sjølv i døra. Ho som var uovervinneleg, kjempar no sitt livs største kamp frå den andre sida av rettssalen.
«En forestilling som garantert vil åpne samtaler – og dermed endre litt av verden (…) Og Maria Kristine Hildonen? Hun beviser at skuespillerkunst kan være en superkraft» Aftenposten, terningkast 6
«Vinterens sterkeste teateropplevelse» Dagsavisen, terningkast 6
«Skuespillerkunst i særklasse (…) Maria Kristine Hildonen spiller ut en Tessa med kraft og vilje, kynisme og sjarm, alltid med full kontroll (…) Hun er knallgod, punktum» Adresseavisen, terningkast 6
«Strålande skodespel i eit brennaktuelt stykke» NRK, terningkast 5
Prima Facie – eit (latinsk) juridisk begrep som betyr tilsynelatande eller ved første augekast.
Stykket har mottatt ei rekke prisar og gått sin sigergang i London, New York og på scener over heile verda. Med Riksteatret og Nationaltheatret får publikum over heile landet moglegheit til å oppleve denne gripande og aktuelle framsyninga der dei bur.
Med Maria Kristine Hildonen og musikar Elisabeth Mørland Nesset. Regi Maren E. Bjørseth. Musikk Sjur Miljeteig.
Sjå trailer, intervju, bakgrunnsartiklar og les meir om «Prima Facie» på Riksteatret sine nettsider her: www.riksteatret.no/repertoar/prima-facie
Prima Facie inneheld diskusjonar om seksuell vald. Tilrådd aldersgrense er 14 år.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Operahuset Nordfjord, Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid, Norge,Nordfjordeid, Sunndal, Norway
Tickets