Advertisement
Det går kort tid mellom ung og lovande – og levande legende. Om denne utsegna kan brukast på Henning Kvitnes er usikkert, men etter 47 år på vegen og uteljelege album, turnear, konsertar, og sjølvskrivne songar, så har han i alle fall ei klar midtbanerolle på Old-Boys-laget til Norske Sangpoetar.
Mange av songane, som til dømes Evig eies, Sånne som oss, Guttær, Ut å vekke sola og Siste Reis har blitt folkeeige blant fleire generasjonar, og blir sunge av mange i bryllaup, fest og gravferder. Og i dusjen.
Med nytt album under vesten, reiser Henning & Gutta ut på ein omfattande turne i 2025. Både album og turné har fått namnet «Mens jeg ennå er 66». Etter songen med same tittel, som kom ut 13. mai 2024, på nettopp 66-årsdagen til Henning.
På scena får publikum møte ein artist og eit band som vågar å gå inn i djupet av både nye og eldre songar. Gje songane resepekta og energien dei fortener, og lar også det lavmælte og akustiske få ein nødvendig plass i konserten. Tekstane får også lov til å vere i fokus, for å tydeleggjere Henning sitt vesle univers. For å glede og gjerne bevege eit sitjande og lyttande publikum. Men det blir også plass til rockefot, allsong og frieri.
Melankoli og smilefjes med svette panner i skjønn foreining. "Utan publikum stoppar musikken"
På scena:
Henning Kvitnes - song og gitar
Jon-Willy Rydningen - piano og andre tangentar
Finn Tore Tokle - bass og kor
Tor Hauge - trommer
Eivind Ystrøm Petersen - gitarer, pedal steel, kor mm
Håvar Bendiksen - gitarar og andre strengar, kor
Mats Raknerud er vikar for Håvar på enkelte jobbar
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid, Norway, Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid, Norge,Nordfjordeid, Sunndal, Norway
Tickets