Advertisement
Av Faysa Idle.Viss det ikkje er trygt heime eller der ute, kor går ein då?
«Ord for blod» er ei sann historie, ein innsiderapport frå veslesystera til den farlegaste gjengleiaren i Sverige. Det er ei sår og ærleg forteljing om å vere menneske og kvinne og hamne midt i eit dødeleg gjengoppgjer – i ei verd der vaksne ikkje er til stades.
Faysa sine næraste vener og familiemedlemmer står på kvar si side i gjengkrigen. Ho har ikkje lenger oversikt over kor mange ho har mista. No fortel ho historia si.
Riksteatret og Det Norske Teatret lagar teater av Faysa Idles brennaktuelle bok, «Et ord for blod». Historia hennar vedkjem oss alle, uavhengig av kven vi er eller kor vi bur. Kanskje kan Faysas forteljing opne for samtaler om korleis vi kan skape eit samfunn der vi tar betre vare på kvarandre?
«Faysa Idle forteller sin historie på sterkt og ærlig vis»
Dagens Næringsliv
«En fortelling som river i hjertet og gir deg frysninger»
Gyldendal Norsk Forlag
Framsyningslengde: 1 time og 20 minutt (ingen pause).
Urpremiere i Oslo, Nydalen 7. september 2025
Turnépremiere på Rommen scene 11. september 2025
Med: Nokokure Dahl, Hibba Najeeb, Ken-Philippe Tete og Serhat Yildirim.
Av Faysa Idle, Daniel Fridell, Theodor Lundgren
Dramatisert av Seluah Alsaati
Omsett til nynorsk av Ingelin Røssland
Regissør: Affe Ashkar
Scenograf og kostymedesignar: Jasminda Asplund Blanco
Lys- og videodesignar: Anders Ekman
Komponist og lyddesignar: Simon Wimmer
Dramaturg: Marie Persson Hedenius
Produsent: Silje Vigerust Vinjar
Produsert av Riksteatret i samarbeid med Det Norske Teatret.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Ål kulturhus, Myren 40,Ål, Hønefoss, Norway
Tickets