Advertisement
Publikumssuksessen «Lykke til, Cathrine Frost!» er ei humorframsyning om filosofi, føding og folkehelse.Helt sidan premieren har Cathrine Frost spelt for fulle hus på Det Andre Teatret, Nationaltheatret, i London og på Fringe Festival i Edinburgh.
Framsyninga fortel den sjølvopplevde historia om Cathrine Frost og møtet med lysta på å få barn og møtet med verda etterpå. Med humor og alvor radbrekker ho synet vårt på kva det vil seie å bli mamma og korleis vi forheld oss til den vesle, store handlinga det er å bli født.
Visste du at Sokrates var gravid? Jaudå, stadig vekk! Han og kollegaene hans i tenketanken Aten meinte faktisk at dei fødde heile tida. Dei ga nemleg liv til det udødelege, reine og siviliserte: Til IDEEN!
No er det derimot Cathrine Frost sin tur til å ta på seg togaen og ta styringa i sivilisasjonens vugge. Det har ho eigentleg få eller ingen føresetnader for å klare.
«Cathrine Frost bruker filosofi på en både snerten og morsom måte til å snakke om kvinnehelse» - Aftenposten (5)
«Frost får publikum til å le og gråte om hverandre» - A-Magasinet
«Her oppstår teatret på nytt, med én enkelt, kvinnelig protagonist.» - Sivilisasjonen.no
«En helt vanvittig bra forestilling.» - Lars Berrum
«Sokrates får straff, pankration-innføring og verdens råeste fødehistorie! Eg takkar deg Cathrine Frost.» - Sigrid Bonde Tusvik
«Morsomt, viktig og rørende om livets begynnelse.» - Christian Mikkelsen
Nominert til Heddaprisen 2023 for Beste Teaterforestilling.
Merk: Vi har opplevd at denne framsyninga kan verke sterkt på enkelte i publikum, og enkelte personar med hematofobi (blodfobi) har svima av. Framsyninga inneheld skildringar av kroppsvæsker, og skildrande detaljar frå ei konkret fødselsoppleving.
Varigheit: Om lag 1t og 15 min (ingen pause)
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norway, Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norge,Osøyro, Bergen, Norway
Tickets