Advertisement
Verda verkar, demokratiet døyr, tusseskapen tårnar seg opp, Putin putrar, Trumpen tutar og kloden kokar. Mange kjenner maktesløysa leggja seg som eit inversjonslokk kring sjela og kan ikkje anna enn ottast og sørja. Men det finst noko som kan hjelpa litt – terapeutisk tulling med toskeskapen (TTT). På Cafe Sanaa 15. mai blir det Protestkonsert med to protestsongarar som sparkar oppover og lagar satire av det som er til å grine av. I februar var konserten dei haldt i Elsehuset på Lierfoss heilt utselt og no skal dei endeleg spele, både saman og kvar for seg, i Bergen. Johan Egdetveit bur i Stavanger og er komponist, produsent og musikar, men også protestsongar. Nådelaus protestsongar. Ingen slepp unna hans kritiske blikk: På marknadsliberalismen, på juksinga, ministrar som drit seg ut, den generelle forjævliseringa og aukande ulikskapen. I tillegg er han ganske god på arbeidarklassen sitt hovudinstrument; trekkspelet.
Johan Egdetveit voks opp på ein fjellgard i Vossetraktene. Vosseguten tok trekkspelet med seg til den prestisjetunge Musikkhøgskulen i Oslo, godt inspirert av læraren på musikklinja på Voss, trekkspelguruen Olav Ullestad. Stavanger Musikkskule var den direkte årsaka til at Egdetveit kom til Stavanger. Dei trong sårt ein trekkspellærar, og Egdetveit var passe lei av å spele i bunad på Disney World i Florida. Opp gjennom åra har han vore med i fleire band, blant anna saman med Reidar Larsen og Tor Mathisrud, i Wunderkammer, Salmer frå kjøkkenet med Rønnaug Bakke og i sitt klezmer-orkester, ein eigen trio, ein duo med Silje Vige, samt vore på turné med Rikskonsertane med blant anna Skakke Sanger. Johan har også spelt med Stavanger Symfoniorkester. På Cafe Sanaa i mai er han riktignok heilt åleine. Som protestsongar.
Marianne Aanerud er offentleg lønsmottakar i helsevesenet, men har underhalde kolleger med hemmelege slagarar som «Kysten rundt med kols i bånn» og «Har du fyr – originalversjonen» på jolebord og tilstellingar fleire år. Sidan kampen om Bybanen langs Bryggen i Bergen har spora av, og oljenorge nedprioriterar klima-, natur- og miljøpolitikk har ho skreve protestviser. Ei og anna nidvise om velvaksne menn som startar eigne lokalparti basert på snevre sakslister har det vel også blitt. Saman med bandet Gummans favoritorkester har Aanerud dreve folkeopplysing med retningslinebasert helsejazz, ho speler giatar med kvinnegruppa Spark og stundom speler Tuberkuløse trubadurar trudeluttar med Bjørn Kenny Blomberg sine saksofontonar over Aaneruds openstemte gitar. Men på cafe Sanaa i mai blir det full protest.
Billettlenkje kjem snart i kommentarfeltet.
Sagt om Egdetveit:
«Han er Nord-Europas vittigste, skarpeste og mest relevante protestsanger» Instagram
«...ikke rauhål... er en alle tiders type, en framifrå protestsanger og en trekkspiller av Guds nåde.» Stavanger Aftenblad
Sagt om Aanerud:
«Bergens svar på Luther» (Då ho aksjonerte med Bergens mødre for Bybanen ved å spikre opp reguleringsplanen framfor rådhuset) NRK.
«Du kan ikke holde en hammer en gang» personleg melding frå meningsmotstandar etter aksjonen
Kva er eigentleg protestsongar?
https://snl.no/protestsanger
Foto: Karsten Nøkling
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Cafe Sanaa, Kaigaten 22, 5016 Bergen, Norge,Bergen, Hordaland, Norway