Advertisement
Vossestrand Sambygg inviterar til påskepub med livemusikk i år òg!Øye & The Spark Plugs frå Voss har sidan 2019 jobba for å lage god stemning på dansegolvet. Dei har spelt på fjelltoppar, på veteranbåtar og mykje mellom.
Bandet sin stil er djupt forankra i 50-talet, men dei spelar gjerne nyare musikk og kjende låtar i rockabilly-drakt. Dei held for tida på med album med tekstar som tek føre seg lokale problemstillingar og kuriositetar.
I tillegg til dei fire faste medlemmene dreg dei gjerne med seg ein og annan gjesteartist. Puss skoa, gre brylkremen og sving deg på dansegolvet til tennpluggane frå Voss!
Ørjan Midthun Øye - Kontrabass & Vokal
Jan Eivind Mala Fostervoll - Gitar
Stefan Skjerdal Stier - Gitar
Halgeir Meling Lilletvedt - Slagverk
Billett kjøpes via Vippsnummer #948398 eller i døra. 18-års aldersgrense.
Håpar me sjåast - vel møtt!
Advertisement
Event Venue
Myrkdalsvegen 7, 5713 Vossestrand, Norge, Myrkdalsvegen 7, 5713 Vossestrand, Norge, Voss, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.








