Advertisement
19:00 Quiz med Folkeakademiet Aurland 20:30 Dei To Karnaljane - Den keltiske Sande
Billettar i døra!
Konsert: 150 kr (medlem)/ 200 kr (ikkje-medlem).
Konsert+quiz : 200 kr (medlem) /250 kr (ikkje-medlem)
Jakob Sande stod ikkje åleine i Sunnfjord – han delte mykje med den keltiske
forteljartradisjonen. Han las dei irske fråhaldspamflettane, fulle av sjølvironi og rå
livserfaringar, og han kjende seg heime i den same blandinga av humor og vemod som vi
finn hos Robert Burns i Skottland. Som sjømann bar han òg med seg rytmen frå shantyane,
arbeidssongane frå dekk og hamn.
Når vi høyrer Dei To Karnaljane – Ronny Nymark Johannessen på trekkspel og Halvard H. Lunde på gitar
– tolke Sande, kan vi merke slektskapet: eit diktarskap som bind saman kystane – frå
Ayrshire og Dublin til fjordane i Sunnfjord.
Folkeakademiet Sogn og Fjordane er stolte av både Jakob Sande og å ha to nytolkarar av
dikta hans. Dette vert ein svingande fin konsert med både lått og gråt i dei keltiske tonane.
Bakeriet held ope heile dagen!
Velkommen!
Advertisement
Event Venue
Marianne Bakeri & Kafe, Odden 2, 5745 Aurlandsvangen, Norge, Voss, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.






