Poesikjellar: Gjendiktingsspesial

Wed Nov 05 2025 at 07:30 pm to 08:30 pm UTC+01:00

Litteraturhuset | Oslo

Litteraturhuset
Publisher/HostLitteraturhuset
Poesikjellar: Gjendiktingsspesial
Advertisement
Velkomen til poesikjellar på Litteraturhuset, der vi fyller Berner-kjellaren med ny poesi! For å feire at nokre av den internasjonale poesiverdas største stemmer i år er komne på norsk, inviterer vi til ein heilaftan med gjendikting. Her vil forfattarane og omsetjarane Tone Hødnebø, Joakim Kjørsvik og Tove Bakke fortelje om og lese frå gjendiktingane dei har gjort av canadiske Anne Carson, amerikanske Sharon Olds og portugisiske Herberto Hélder.
Anne Carson er ein av verdas fremste samtidspoetar, og ein hyppig nemd kandidat til Nobelprisen i litteratur. Canadiaren er også professor i klassiske studiar, essayist og omsetjar frå latin og gresk. I år er ho aktuell med to nye gjendiktingar på norsk: Flyte og Albertine-økt. Gjendiktar Tone Hødnebø er både ein av våre største poetar og ein Carson-autoritet etter å ha gjendikta ei rekke av forfattaren sine viktigaste bøker, som Glass, ironi og Gud, Rød selvbiografi og Korte foredrag.
Sharon Olds har som få andre nådd ut med sine intenst personlege og kraftfulle dikt, delt i tallause antologiar og selde meir enn nesten nokon annan samtidspoet. Ho er ein både folkekjær og kontroversiell poet i USA. I diktsamlinga Oder fornyar Olds ode-tradisjonen, med dikt som «Ode til skjedekransen» og «Ode til blowjoben». Oder er Sharon Olds sitt fyrste enkeltverk i norsk gjendikting, ved Endre Ruset og Joakim Kjørsvik. Kjørsvik, som sjølv er ein kritikarrosa poet og forfattar, kjem til Litteraturhuset for å snakke om, og lese frå, Oder.
Herberto Hélder var ein portugisisk poet og forfattar, rekna som den største etter Fernando Pessoa. Han viste seg aldri offentleg på litterære arrangement og avslo prisar han vart tildelt, men fekk likevel stor påverknad på heimlandets litteratur. Hélder har fått mykje merksemd i Frankrike, Spania og Italia, der nesten alle bøkene hans er omsett, men er mindre kjent i engelskspråklege land og Skandinavia. I år blei ei omsetjing utgitt på norsk som den fyrste på eit skandinavisk språk: Kvinner springande, springande, der utval og gjendiktingar er gjort av omsetjingsnestoren Tove Bakke.
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Litteraturhuset, Wergelandsveien 29,Oslo, Norway

Tickets
Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Discover more events by tags:

Art in OsloLiterary-art in Oslo

Ask AI if this event suits you:

More Events in Oslo

Lacuna Coil + supp.: Nonpoint \/ Vulkan Arena \/ Pres. av FKP Scorpio
Wed, 05 Nov at 07:00 pm Lacuna Coil + supp.: Nonpoint / Vulkan Arena / Pres. av FKP Scorpio

Vulkan 26, 0178 Oslo, Norway

Staffan William-Olssons Sharp 9 \/\/ JazzAkademiet \/\/ Oslo Konserthus
Wed, 05 Nov at 07:00 pm Staffan William-Olssons Sharp 9 // JazzAkademiet // Oslo Konserthus

Munkedamsveien 14, 0115 Oslo, Norway

Bella Leonette supp. EDEL | Parkteatret
Wed, 05 Nov at 07:00 pm Bella Leonette supp. EDEL | Parkteatret

Olaf Ryes plass 11, 0552 Oslo, Norway

Nonpoint in Oslo
Wed, 05 Nov at 07:00 pm Nonpoint in Oslo

Vulkan Oslo

Nonpoint in Oslo
Wed, 05 Nov at 07:00 pm Nonpoint in Oslo

Vulkan Oslo

Nonpoint in Oslo
Wed, 05 Nov at 07:00 pm Nonpoint in Oslo

Vulkan Arena

The Dwarfs of East Agouza\/Martin Bisi\/\/Kaf\u00e9 H\u00e6rverk
Wed, 05 Nov at 08:00 pm The Dwarfs of East Agouza/Martin Bisi//Kafé Hærverk

Hausmanns gate 34, 0182 Oslo, Norway

Intimkonsert med ELG - UTSOLGT
Wed, 05 Nov at 09:00 pm Intimkonsert med ELG - UTSOLGT

Grefsenkollveien 100, 0490 Oslo, Norway

Skeiv Verden's International Conference on Intersectionality 2025
Thu, 06 Nov at 09:00 am Skeiv Verden's International Conference on Intersectionality 2025

Kristian Augusts gate 21, 0164 Oslo, Norge

Jubileumskonferanse - Autismeforeningen 60 \u00e5r
Thu, 06 Nov at 09:00 am Jubileumskonferanse - Autismeforeningen 60 år

Radisson Blu Scandinavia Hotel, Oslo (Holbergs Gate 30, Oslo)

Prosedyrekurset for studenter 2025
Thu, 06 Nov at 09:00 am Prosedyrekurset for studenter 2025

Haavind Student

Oslo is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Oslo Events