Pelicot-rettssaka av Milo Rau & Servane Dècle

Mon, 08 Jun, 2026 at 06:00 pm UTC+02:00

Kristian IV’s gt.8, 0164 Oslo, Norway | Oslo

Det Norske Teatret
Publisher/HostDet Norske Teatret
Pelicot-rettssaka av Milo Rau & Servane D\u00e8cle
Advertisement
Med heile samfunnet som vitne.
Pelicot-rettssaka sjokkerte verda i 2024. Ektemannen og 50 andre menn blei funne skuldige i systematisk neddoping og valdtekt av Gisèle Pelicot i nærare ti år.
Pelicot gav opp anonymiteten sin og bestemte at rettssaka skulle gå for opne dører. I rettssalen erklærte ho at ho ønskte at «heile samfunnet skulle vere vitne». Ho blei med eitt eit feministisk ikon, med bodskapen om at skamma må byte side, frå offer til gjerningsperson.
Hovudscenen blir rettssal
Denne ettermiddagen blir Hovudscenen på Det Norske Teatret gjort om til ein rettssal, der Ane Dahl Torp, Ellen Horn, Jae Nyamburah og 26 skodespelarar frå Det Norske Teatret skal gjenskape rettsprosessen i ei fire timar lang framsyning.
Regissør Milo Rau og dramaturg Servane Dècle har alt iscenesett rettssaka i Wien, Lisboa, Warzawa og Stockholm. I løpet av våren følger Milano og New York etter. Stykket blir berre framført éin gong i kvar by.
Kva ligg bak?
«Gjennom Pelicot-rettssaka er det oss sjølve og samfunnet vårt som står for retten», seier regissør Milo Rau, som med dette stykket ønskjer å tvinge samfunnet til å konfrontere patriarkalsk vald, offerklandring og ansvarsfråskriving.
I dette møtet mellom dokumentarteater og dramatisert lesing av rettsdokumenta undersøkjer Rau og Dècle kva som kan ligge bak dei grufulle handlingane Gisèle Pelicot blei utsett for, i ei sterk framsyning som Le Monde har kalla «ein milepæl innan teaterkunsten.»
Framsyninga vil først bli framført i Johanneskirken under Festspillene i Bergen 3. juni før den blir vist i Oslo. Begge stader berre éin gong.
Praktisk informasjon
Opplesingane har detaljerte skildringar av seksuell vald.
Tilrådd aldersgrense er 16 år.
Framsyninga har ikkje pause, men du kan gå ut og inn undervegs i framsyninga, strekke på beina og ta pausar.
Det er eit omsorgsteam til stades. Dei er tilgjengelege før, under og etter framsyninga for spørsmål, tankar og refleksjonar som kan oppstå under framsyninga.
Billettinntektene blir donert til Landsforeningen mot seksuelle overgrep (LMSO). LMSO er ein interesseorganisasjon som arbeider for å styrke samfunnets forståing og handlekraft i møte med seksuelle overgrep.
Treng du hjelp eller nokon å snakke med?
Det finst mange støttesenter og hjelpetelefonar som er anonyme og gratis, sjå oversikta på lmso.no.
Ein samproduksjon mellom Festspillene i Bergen og Det Norske Teatret.
Eit prosjekt frå Vienna Festival (Wiener Festwochen) / Free Republic of Vienna i samarbeid med Festival d’Avignon.
Advertisement

Event Venue

Kristian IV’s gt.8, 0164 Oslo, Norway, Kristian IV's gate 8, 0164 Oslo, Norge, Oslo, Norway

Tickets

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Oslo

Eel Men (UK) \/\/ Dahlmanns (NO)
Sun, 07 Jun at 07:00 pm Eel Men (UK) // Dahlmanns (NO)

Karl Johans gt 45 (inngang Universitetsgata), 0162 Oslo, Norway

Sugar \u2013 Love You Even Still 2026 World Tour \/\/ Rockefeller
Sun, 07 Jun at 07:00 pm Sugar – Love You Even Still 2026 World Tour // Rockefeller

Rockefeller / John Dee / Sentrum Scene

John Vincent III in Oslo
Sun, 07 Jun at 07:00 pm John Vincent III in Oslo

Parkteatret Scene

Elvis Costello, Elvis Costello & The Imposters in Oslo
Mon, 08 Jun at 07:00 pm Elvis Costello, Elvis Costello & The Imposters in Oslo

Oslo Konserthus

Heddadagene: Den Kulturelle Sandkassa \u2013 Lansering av nettside
Tue, 09 Jun at 10:00 am Heddadagene: Den Kulturelle Sandkassa – Lansering av nettside

Det Norske Teatret

Kunst p\u00e5 kino | FRIDA KAHLO | 9. juni p\u00e5 Gimle
Tue, 09 Jun at 05:30 pm Kunst på kino | FRIDA KAHLO | 9. juni på Gimle

Bygdøy Allé 39, 0265 Oslo, Norway

Bli kjent med chardonnay!
Tue, 09 Jun at 05:30 pm Bli kjent med chardonnay!

Lille Grensen 7, 0159 Oslo, Norway

Oslo is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Oslo Events