Advertisement
FREDAG: Opa scene vol. 5 Country-aftan + bluegrass frå Eid på ein og same kveld!COUNTRY-AFTAN x 2 blir det på slutten av januar! Då riggar vi nemleg for country-aftan igjen, denne gongen TO kveldar med nesten likt innhald. Slik trur vi at alle får plass, men du bør vere tidleg ute og kjøpe billett og du må passe på å velje kva for ein dag du vil kjøpe billett til. Lenkja nedanfor tek deg til fredags-konserten.
10 vokalistar blir med begge kveldane, saman med husorkesteret, som før. I tillegg plussar vi på med eit ekstra band etter ein liten pause. Denne fredagen blir det bandet "Misery & company" frå Nordfjordeid (laurdag blir det "Hytt & pine band" frå Herøy). Her er den GODE deltakar-rekkja vår, i aldeles alfabetisk rekkefølgje:
• Anine Leine Lerø
• Adriana Iaguzhinskaia
• Eivind Skjerdal
• Guro Håvik
• Jonny Sævik Leikanger
• Kjersti og Sander Aksnes Bjørkedal
• Lillian Gjelseth
• Sofie Tonev
• Trond Ihle
Vi køyrer desse to kveldane som småbord-konsert/klubb-oppsett med begrensa plassar. Meir detaljar vil kome etter kvart.
NB! Pass på å kjøpe billett til riktig kveld! Solistane syng begge dagar, men dei to kveldane sluttar altså med kvar sitt band etter ein liten pause. Fredag er det "Misery & company" frå Eid som overtek etter husorkesteret etter pausen:
«Misery & Company er eit bluegrassband frå Nordfjordeid. Dei har gitt ut eigen musikk og spelt på Norsk Countrytreff, Trandal Countryfestival, Gymmen Americanafestival, Malakoff LiveLaga og vore nominerte til Luttprisen for beste nykommar i Sogn og Fjordane. Bandet består av Silvia Holmøy, Eivind Skjerdal, Sigmund Larsen, Atle Oen og Eirik Haugland.
Musikken dei spelar er bluegrass, akustisk musikk med fleirstemt song, banjo, fele, gitar, mandolin og kontrabass. Denne gongen har Misery & Company med seg til Fosnavåg konserthus ein underhaldande miks av eigne låtar, coverlåtar og låtar for anledningen ikledd bluegrassdrakt.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Gerhard Voldnes veg 7, 6090 Fosnavåg, Norway, Gerhard Voldnes veg 7, 6090 Fosnavåg, Norge,Fosnavåg, Norway, Aalesund
Tickets