Advertisement
LAURDAG: Opa scene vol. 5 Country-aftan + lokalt band i ein og same kveld!COUNTRY-AFTAN x 2 blir det på slutten av januar! Då riggar vi nemleg for country-aftan igjen, denne gongen TO kveldar med nesten likt innhald. Slik trur vi at alle får plass, men du bør vere tidleg ute og kjøpe billett og du må passe på å velje kva for ein dag du vil kjøpe billett til.
10 vokalistar blir med begge kveldane, saman med husorkesteret, som før. I tillegg plussar vi på med eit ekstra band etter ein liten pause, laurdagskvelden blir det "Hytt & pine band" frå Herøy. Før pausen får du denne GODE deltakar-rekkja vår, i aldeles alfabetisk rekkefølgje:
• Adriana Iaguzhinskaia
• Eivind Skjerdal
• Guro Håvik
• Jonny Sævik Leikanger
• Kjersti og Sander Aksnes Bjørkedal
• Lillian Gjelseth
• Sofie Tonev
• Trond Ihle
Vi køyrer desse to kveldane som småbord-konsert/klubb-oppsett med begrensa plassar. Meir detaljar vil kome etter kvart.
NB! Pass på å kjøpe billett til riktig kveld! Solistane syng begge dagar, men dei to kveldane sluttar altså med kvar sitt band.
Laurdagskvelden er det "Hytt & pine band" frå Fosnavåg:
Hytt & Pine Band kjem frå Fosnavåg på Sunnmøre og har som målsetjing å gjere spelejobbane til ei trivelig stund for seg sjølve og publikum. Bandet består av nokre godt vaksne "ungdommar" - alle glade amatørar med godt humør og glimt i auget:
Odd-Egil Igesund (trommer/vokal), Alte Leine (gitar/vokal), Kjell Arne Leine (keyboard/vokal) og Ragnar Ørstavik (bass/vokal)
-Vi har klart å skape vår eigen stil og sound. Musikken vi spelar er god og variert dansemusikk som 50-90-tals pop, rock, country og meir. Namnet kan nok for nokre virke litt rart, men det er med det som så mykje anna, det har sin spesielle bakgrunn. Kanskje får vi høyrer historia? Gamle og nye bandmedlemmar er iallfall i full sving med øving omlag kvar veke. -Spelelysta er der og vi kosar oss på øving! fortel dei 4 karane.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Gerhard Voldnes veg 7, 6090 Fosnavåg, Norway, Gerhard Voldnes veg 7, 6090 Fosnavåg, Norge,Fosnavåg, Norway, Aalesund
Tickets