Advertisement
Odd Skogheim kjem tilbake til Seljord bibliotek med spennande lokalhistorisk stoff. Denne gongen handlar det om biskop Jens Nilsson som i 1595 var på visitas i området, og overnatta på Seljord prestegard. I føredraget vil vi få høyre skildringar av bikop Jens Nilssøns opplevingar av det lokale folk, geografi og samfunn på slutten av 1500-talet, som kanskje skil seg frå dagens oppfatningar og kunnskap om bygda.
Frå reiseskildringa heiter det:
"Under Visitatio in Thelemarchis i juli 1595 drog biskop Jens Nilssøn og hans følgje gjennom Seljord og låg over to netter på prestegarden. Her skal me møte biskopen ved Vigdesjå, følgje han gjennom bygda og vidare til Hjartdal. Me skal studere
reiseoptegnelsen grundig, kommentere og diskutere det han skreiv. Me skal også kommentere og diskutere leire opplysingar om bygda på denne tida, men som han ikkje skreiv om. Reiseoptegnelsen er eit eineståande tidsvindauge til Seljord i 1595 slik biskopen såg det. Dette er den eldste kjente personlege omtalen av natur og menneske i bygda"
Arrangementet er gratis og ope for alle. Frivillig vipps til støtte for bibliotekarrangement på #741930.
Vel møtt!
Advertisement
Event Venue
Nyveg 16, 3840 Seljord, Norway, Nyveg 16, 3840 Seljord, Norge, Notodden, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.





