Nyttårskonsert med Owen Farr og Fjell Brass

Sun, 11 Jan, 2026 at 05:00 pm

Fjell Kulturhus | Bergen

Fjell Brass
Publisher/HostFjell Brass
Nytt\u00e5rskonsert med Owen Farr og Fjell Brass
Advertisement
Søndag 11. januar har vi gleda av å invitere til konsert med ein av verdas fremste althornsolistar. Owen Farr er ein virtuos som har løfta instrumentet til nye høgder. Med røter i brassbandtradisjonen frå South Wales og ein karriere som omfattar leiande roller i Cory Band, Fairey Band og Tredegar Town Band, har han blitt eit ikon i den moderne brassverda.
Som ettertrakta pedagog ved Royal Welsh College of Music & Drama, Royal Northern College of Music og internasjonale sommarskular, har han forma ein heil generasjon hornistar med si kombinasjon av teknisk briljans og musikalsk varme. I tillegg er han ein internasjonalt turnerande solist, kjend for sin særegne, lyriske klang og ei formidlingsevne som rører både publikum og utøvarar.
No har du sjansen til å høyre Owen Farr live like utanfor stovedøra - i samspel med Fjell Brass!
Dirigent: Ben Hirons
Konferansier: Ordførar Tom Georg Indrevik
Billettar kjøper du i døra:
Vaksne kr. 100,-
Student/honnør kr. 50,-
Gratis for born u/16 år, skulekorpsmusikantar og elevar ved Manger Folkehøgskule.
Av omsyn til allergikarar set vi pris på at du ikkje brukar parfyme på våre konsertar.
Konserten vert arrangert med støtte frå Øygarden kommune og Sparebanken Vest.
Vel møtt!

Advertisement

Event Venue

Fjell Kulturhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume, Norge, Bergen, Norway

Tickets

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you: