Advertisement
Velkomen til møte for å blåsa liv i Tysnes Bonde- og Småbrukarlag! Denne dagen er vi så heldige å få vitja ysteriet til Tveitakjerringa på Onarheim og få innblikk i korleis produksjonen av ostane og meieriprodukta hennar foregår.
Ho gjev oss óg eit innlegg om bedrifta og korleis det går rundt med småskala ysteri og direktesal til kundar.
Dag Kyrre Lygre frå Midthordland Bonde- og Småbrukarlag fortel litt om korleis deira lokallag har jobba dei siste åra, og kjem med døme på aktivitetar vi kan bli inspirert av på Tysnes.
Så vert det matservering og open idémyldring om kva vi har lyst til å gjera i lokallaget framover. Vi avsluttar med ordinære årsmøtesaker.
Fylkesleiar Mari Austvoll Gjengedal og fylkessekretær Åse-Marie Reisæter kjem til å delta på møtet.
Møtet er opent for både eksisterande medlemmar og andre nysgjerrige. Vi oppmodar særleg nye medlemmar og unge til å delta.
Hjarteleg velkomen!
Advertisement
Event Venue
Hovlandsstrando 231, 5694 Tysnes, Norge, Hovlandsstrando 231, 5694 Tysnes, Norge, Ølen, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.






