Advertisement
Holly Hyun Choe, dirigentSverre Riise, trombone
Kaija Saariaho: Ciel d'hiver
Ørjan Matre: Trombonekonsert «…I have said this before…» (urfr.)
Pjotr Tsjajkovskij: Symfoni nr. 4
Den fjerde urframføringa i haust er av ein av våre mest akta komponistar dei siste åra. Når Ørjan Matre skriv ei ny trombonekonsert er det grunn til å spisse øyra. Verket er ei omarbeiding av …but I must have said this before… for eit mindre ensemble frå 2010. Med nokre likskapar, er det heilt ny musikk for fullt orkester og trombonesolist. Om Matre gjer som han plar, vil ikkje musikken gi oss nokre keisame augneblink, særleg ikkje når konserten er skriven til Sverre Riise, virtuos solo-trombonist i Kork i mange år.
Kaija Saariaho er ein av dei store, ein finsk samtidskomponist som blei ei stjerne over heile verda for sin sanselege og fargesterke musikk. Operaene hennar er spela på dei store scenene og dei beste orkestera har tolka dei ofte mektige symfoniske verka.
Ho gjekk bort i 2023 og Kork hyller ho med hennar vakre symfoniske beskriving av ein vinterhimmel. Som sin finske kollega Sibelius, visste ho korleis ei ekte vinternatt skulle skildrast.
Elskarar av klassisk orkestermusikk får den store konfekten til slutt: Symfoni nr. 4 av Tsjajkovskij inneheld det heile, frå skjebnetunge rytmar, smektande melodiar og stor romantisk klang. Vi har tru på at taket vil løfte seg i Store studio når Holly Choe leier Kork for første gong.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
NRK Store Studio, Bjørnstjerne Bjørnsons plass 1,Oslo, Norway
Tickets