Norsk selfangst og katastrofen i Vesterisen i 1952

Mon, 02 Mar, 2026 at 06:00 pm UTC+01:00

Skjåk folkebibliotek | Dombås

Skj\u00e5k folkebibliotek
Publisher/HostSkjåk folkebibliotek
Norsk selfangst og katastrofen i Vesterisen i 1952
Advertisement
I påska 1952 mista 79 menn livet i ein forrykande orkan. Vel møtt til ei lærerik og gripande historisk reise!
VESTERISULUKKA UTANFOR GRØNLAND
I april 1952 råkar ein av dei verste tragediane i norsk selfangsthistorie. Fem ishavsskuter – «Vårglimt», «Ringsel», «Brattind», «Pels» og «Buskø» – forsvinn i det harde vêrdraget i Vesterisen. 79 ishavsfolk misser livet. Uvêret kjem brått og nådelaust, og skutene får ingen sjanse til å berge seg. Heime sit familiar og ventar, medan rykta og uroa spreier seg. Først mange dagar seinare kjem den grufulle sanninga fram – skutene er borte for alltid.
Johannes Alme skildrar dramatikken, leitinga etter dei sakna og den djupe sorga som la seg over kystsamfunna. Eit sterkt og gripande foredrag om dei som sat att, om motet til ishavsfolket og om ein tragedie som aldri må gløymast.
SELFANGSTEN – PRIMÆRNÆRINGA SOM FORSVANN
Foredraget er for alle som er interesserte i norsk historie, næringshistorie, kystkultur og korleis landet vårt har utvikla seg. Du får høyre om korleis selfangst har forma det norske samfunnet, særleg kystsamfunna på Sunnmøre og i Nord-Noreg. Johannes Alme viser korleis naturtilhøve, demokrati, politikk og rammevilkår har påverka denne næringa, og kor viktig ho har vore for arbeidsplassar, busetjing og velferd. I tillegg får du innblikk i kvinnene og familiane sine roller i selfangsten.
Vi får vidare høyre om det dramatiske vrakfunnet gjort av den islandske trålaren Videy hausten 2023.
Johannes Alme er 54 år og kjem frå ishavsbygda Brandal på Sunnmøre. Han har sjølv vore på selfangst, men kallar seg 98% landkrabbe. Han har samla og skrive mykje om hendingar i ishavet, både artiklar og bøker, og etter kvart ein mykje nytta foredragshaldar. Han er i dag næringssjef i Hareid kommune, føredragshaldar, forfattar – og truleg den personen i verda med størst kunnskap om norsk ishavshistorie. Han har tidlegare vore kommunalsjef for miljø- og samfunnsutvikling i Skjåk kommune.
Arrangementet er med i SOLfestivalen 2026:
https://www.skjaak.kommune.no/aktuelt/program-solfestivalen-2026.103025.aspx
Advertisement

Event Venue

Skjåk folkebibliotek, Moavegen 30,Bismoen, Oppland, Norway, Dombås

Tickets

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Dombås

Skirenn p\u00e5 D\u00f8nfoss
Tue, 03 Mar at 05:30 pm Skirenn på Dønfoss

Dønfoss Ljosløype

Lesja
Tue, 03 Mar at 06:00 pm Lesja

Vidflotten

Herborg Kr\u00e5kevik og TrondheimSolistene - Vi vandrar saman i Herborgs songbok
Tue, 03 Mar at 07:00 pm Herborg Kråkevik og TrondheimSolistene - Vi vandrar saman i Herborgs songbok

Skansen 9, 2670 Otta, Norway

Trekkspelkonsert og trekkspelutstilling
Tue, 03 Mar at 07:00 pm Trekkspelkonsert og trekkspelutstilling

Skjåk folkebibliotek

Nasjonal villreinkonferanse 2026: Villrein og vekst \u2013 samspel mellom natur og n\u00e6ring
Wed, 04 Mar at 08:30 am Nasjonal villreinkonferanse 2026: Villrein og vekst – samspel mellom natur og næring

Ola Dahls gate 7, 2670 Otta, Norge

Musse & Helium. Forteljarstund med Thomas J\u00f8rstad-Pettersen
Wed, 04 Mar at 10:00 am Musse & Helium. Forteljarstund med Thomas Jørstad-Pettersen

Skjåk folkebibliotek

Dombås is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Dombås Events