Norges første astronaut tilbake fra verdensrommet – en kveld med Jannicke Mikkelsen // Oseana

Thu, 15 Oct, 2026 at 07:00 pm UTC+02:00

Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norway | Bergen

Oseana kunst- og kultursenter
Publisher/HostOseana kunst- og kultursenter
Norges f\u00f8rste astronaut tilbake fra verdensrommet \u2013 en kveld med Jannicke Mikkelsen \/\/ Oseana
Advertisement
Velkommen til ein kveld med ei kvinne som drøymde stort og torde å satse, for seg sjølv, for fellesskapet og for framtida.
Jannicke Mikkelsen er ikkje berre Noregs første og einaste astronaut og fartøysjef på den banebrytande romekspedisjonen Fram2. Ho er nyskapande teknolog – kjent for å ha filma på nokre av verdas mest ugjestmilde stader, innehavar av ein verdsrekord og ein unik historieforteljar. Men dette er ikkje først og fremst eit foredrag om utrulege prestasjonar. Det er ei beretning om mot, fellesskap og vår felles framtid.
Jannicke fortel varmt og spennande om si reise – frå mobbing, utanforskap og alvorlege fysiske skadar til den internasjonale verdsscenen, topp-politikk og universet. Om å bryte gjennom glasstak og atmosfære til ei anna verkelegheit. Og om vegen tilbake til eit Noreg som treng å gjenoppdage si pionerånd.
Polarheltar, oljeeventyr og sosialdemokrati. Noregs sjel er oppdagartrong, stå-på-vilje og fellesskap. I verdsrommet gjorde ho det mogleg å forske på helse, matvaresikkerheit og klima og miljø. No festar ho blikket på våre barn og vår felles framtid og er så vidt i ferd med å nå sin neste draum: Å gjere romfart til eit norsk eventyr. Vi har det som skal til: Kunnskap, stabilitet og kreativitet.
Dette er din sjanse til å bli med på eit møte med ein astronaut og ein av Noregs største oppdagarar.
Sikre deg plass til ein kveld som vil gi deg mot, inspirere og røre deg!
___
JANNICKE MIKKELSEN er Noregs einaste astronaut og var fartøysjef på romferda Fram2, den første bemanna romferda til å krysse begge polområda. Hun har tidlegare satt verdsrekord for raskaste jordomflyging over Nord- og Sørpolen med «One More Orbit». Jannicke Mikkelsen er òg ein anerkjent filmfotograf og regissør, kjent for sine dokumentarfilmar i polare strøk og under vann, blant anna i samarbeid med Sir David Attenborough.
Ho har mottatt fleire prisar, inkludert European Society of Cinematographers Award. I dag driv ho teknologiselskapet o2XR og er rekna som ein av de mest innflytelsesrike kvinnene innan teknologi.
___
VARIGHEIT: om lag 90 minutt
LEDSAGARAR OG RULLESTOLAR: Ledsagarar har gratis inngang. Det finst eit avgrensa antal rullestolplassar tilgjengeleg. Billettar til ledsagar og rullestol får du via resepsjonen – kom innom eller kontakt oss på telefon 917 50 231 / e-post [email protected]
Advertisement

Event Venue

Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norway, Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norge, Bergen, Norway

Tickets

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Bergen

Swing Brother, Swing 2026 (10th Edition \ud83c\udf82\u2728)
Thu, 15 Oct at 06:00 pm Swing Brother, Swing 2026 (10th Edition 🎂✨)

Bergen, Norway

ELLE MELLE
Thu, 15 Oct at 08:00 pm ELLE MELLE

Madam Felle, Bryggen 43, 5003 Bergen, Norway

Beatlesfestivalen 2026
Fri, 16 Oct at 04:00 pm Beatlesfestivalen 2026

Grand Hotel Terminus

Something got wrong - et soloshow av Vegar Tryggeseid
Fri, 16 Oct at 07:00 pm Something got wrong - et soloshow av Vegar Tryggeseid

Ole Bull Scene

Rosa Sl\u00f8yfe-l\u00f8p \u00d8ygarden med MOVA Straume
Sat, 17 Oct at 10:30 am Rosa Sløyfe-løp Øygarden med MOVA Straume

Arefjordvegen 21, 5353 Straume, Norway

Lovsang Bergen 2026
Tue, 20 Oct at 07:15 pm Lovsang Bergen 2026

Grieghallen

F\u00c5 BILL! Kari Bremnes - Kari 70 \/\/ Grieghallen
Fri, 23 Oct at 07:00 pm FÅ BILL! Kari Bremnes - Kari 70 // Grieghallen

Edvard Griegsplass 1, 5015 Bergen, Norway

Bergen is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Bergen Events