Advertisement
Ein forteljarkonsert frå Scene Nords avdeling Folkemusikk Nord om å satse, om å reise og om å bli.Billetter: Ordinær kr 200,- / Kulturscenens venner kr 150,-
Nina Fjeldet er ei kvinne i sin beste alder. Saman med fela reiser ho gjennom livet og møter folk og historier langs vegen. I forteljarkonserten «Ômvesla» tek ho publikum med på ei reise frå Gudbrandsdalen til Indre Troms, via Palmehaven i Trondheim, konsentrasjonsleiren Auschwitz, og langs landevegen med romanifolket. På vegen møtes fridom og forfølgelse, framskritt og fattigdom, felespel og forteljarglede. Og som ein raud tråd står folket midt i verda og gjer så godt dei kan.
Nina har arbeidd i folkemusikken- og folkedansens teneste i to tiår, dei siste 10 åra med base i Målselv. Ho formidlar gjerne til barn og unge, elskar å spele til dans, har turnert med dansekompaniet Kartellet, familieframsyninga «Danse, sa fela!», «Landslaget for spelemenn» og meir. Ômvesla er hennes fyrste soloframsyning – produsert av Riksscenen, med støtta frå Norsk Kulturråd.
Nina Fjeldet – fele og forteljing
Tekst og musikk: Nina Fjeldet
Tekstleg rettleiing: Liv Gulbrandsen
Regi: Silje O. Hålien
Foto: Tone Ingvaldsen
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Nordreisa kino & kulturscene, Hovedvegen 2, 9151 Storslett, Norge, Oksfjord, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.





