Advertisement
Kva slags læremiddel treng lærarar og elevar, og kven skal lage dei?Det har gått snart 20 år sidan me fekk ein læreplan med full metodefridom, og endå litt tid sidan godkjenningsordninga av læremiddel forsvann. Etter ein lang periode med euforisk digitalisering og mange nye læremiddelaktørar på marknaden, er det no semje om at papirbøkene igjen bør få ein sterkare plass i klasserommene. I revidert nasjonalbudsjett løyva også regjeringa 300 millionar kroner til kjøp av papirbøker i skulen.
Om skjermsatsinga har gått løpsk dei siste åra, er det likevel ikkje sånn at løysinga er så enkel som berre fleire papirbøker. Leseferdigheitane og leselysten til barn og unge stuper. Skal denne utviklinga snus, må me setje tekstane i skulen under lupa. «Den tause litteraturen» kan ikkje halde fram med å vere taus. Skal læremidla forsvare plassen sin i budsjetta, må dei vere tiltalande, spennande, overkommelege og pedagogiske.
NFFO inviterer alle som jobbar med skule til seminar!
Program:
Konferansier: Hilde Reinertsen.
kl. 15:00 Velkommen.
kl. 15:05 Miniføredrag ved Ane Christiansen: Korfor bok er viktig og så mykje meir enn klipp og lim.
kl. 15:35 Introduksjon ved Merete Roos. Miniføredrag ved Marianne Blom og Helga Falch Johannessen: Kva er dei viktigaste funna i LÆRUNG-forskingsprosjektet. Marianne Blom og Helga Falch Johannessen er lektorar ved Kjøsterud ungdomsskule i Drammen.
kl. 16:10 Pause.
kl. 16:25 Miniføredrag ved arkitekt og trebarnspappa Gaute Brochman: Kva læremiddel har å seie for korleis ungane taklar skulen. Utgangspunkt: Skolevegringsmysteriet (Cappelen Damm 2024).
kl. 16:45 Pause med frukt.
kl. 17:00 Panel om læremiddel som litteratur, økonomien i læremiddel og økosystemet med kollektive vederlag. Arne Vestbø, generalsekretær i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, Hege M. Gundersen, direktør i Kopinor, Trine Skei Grande, direktør i Forleggerforeningen. Blir oppdatert.
Opning for spørsmål frå salen.
kl. 18:00 Programslutt. Eit glas saman.
Programkomité: Ane Christiansen, spansklærar ved Charlottenlund vidaregåande skule, Hanan Abdelrahman, høgskulelektor ved Høgskolen i Innlandet, Merethe Roos, professor ved institutt for kultur, religion og samfunnsfag ved Universitetet SørØst-Norge, og Hilde Reinertsen, førsteamanuensis, retorikk og språklig kommunikasjon ved Universitetet i Oslo.
Spørsmål? Kontakt Kristine Isaksen, [email protected] / 952 01 968.
Ope for alle og gratis, men påmelding er naudsynt. Meld deg på her: https://www.letsreg.com/no/register/NFFOslaeremiddelseminar_03122024121154#/
Påmeldingsfrist: 28.1.25
Det vil bli gjort lydopptak som NFFO-medlemmer får tilgang til.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Litteraturhuset, Wergelandsveien 29, 0167 Oslo, Norge,Oslo, Norway
Tickets