Advertisement
Ynskjer du å gjera yoga med nokre av dei fantastiske yogalærarane me har i bygda? Eg óg, så no har eg samla dei!Seks yogatimar som varar i 90 minutt, midt på Vangen.
Her skal me øva på noko viktig; å væra tilstades i livet og ta vare på oss sjølve.
Kvar time møtar du ein ny yogalærar som på sin måte leiar deg inn i din eigen kropp og pust.
📍 Voss Ungdomshall
Kl. 18.00-19.30
Ta med eige matte og pledd, ha på mjuke kle
Kom nokre minutt før timen starar
(Treng du å låna matte kan du det, sei ifrå!)
1. februar - Chichi (eng)
8. februar - Kayleigh
15. februar - Helle
8. mars - Karethe
15. mars - Trude
22. mars - Kristina
Kjøp alle timane for 1000kr(!)
(Viss det ikkje vert utseld kan du kjøpa drop-in for 250kr timen)
Påmelding: Send 1000kr på VIPPS til Helle Karlsdottir: 95782137
Merk med "yoga"
Påmeldinga er bindande - du får ikkje pengane tilbake viss du ikkje kan koma, men du kan selga plassen din til nokon andre.
Om ein yogalærar vert sjuk vert det vikar.
Du har sjølvsagt ansvar for din eigen kropp og for å kjenna etter kva som er bra for deg. Legen seier som regel at yoga er bra for alle, men yogalærarar er ikkje legar. Gje beskjed om det er noko me skal ta omsyn til ;)
Her kjem litt om kvar lærar og time, ta kontakt med meg, Helle, viss du lurar på noko: 95782137. Alle timane er tilpassa så alle kan koma, nybyrjarar som veteranar.
1. FEBRUAR - CHICHI
Chichi from Nairobi, Kenya. Certified yoga teacher and student🤗
About the class:
Vinyasa Class
This class will focus on building core strength and overall body stability to support everyday activities such as walking, carrying groceries, climbing stairs, and standing up from the sofa 🙃. We will use alignment principles from Mountain Pose to cultivate body awareness throughout the practice. This foundation is essential in yoga, helping to develop strength, balance, and stability both on and off the mat.
This class will be in english.
8. FEBRUAR - KAYLEIGH
Eg har undervist yoga sidan 2009. Yogastilen eg underviser er ein Iyengar-basert Vinyasastil.
Økta me har saman vil væra ein sterk, men håndterbar vinyasa-flyt. Alle erfaringsnivå er velkomne og takast i betraktning når eg underviser. Me fokuserar på teknikk og trygge merksame bevegelsar, sånn at me får maksimalt utbytte av yogastillingane me gjer. Me vil fokusera på pusten og kople oss fullstendig på augeblinken, fordjupa oss i nærvær av kropp og sinn og avslutta med å landa djupt inn i oss sjølv.
Timen med Kayleigh vert på norsk (og kanskje litt på engelsk)
15. FEBRUAR - HELLE
Eg likar å kalla meg sjølv for ein "tvangsavslappar" (på spøk). Mange av oss som finn yoga treng akkurat det, nokon som seier at det er lov å slappa av, utan at me har gjort oss "fortent" til det. Eg har jobba med tvangsavslapping i 22 år og klarar likevel å gå på veggen nokre gonger. Sånn er det å vera menneske, me må gjera "feil" for å læra.
Timen i lag med meg er inspirert av noko eg kallar rebellyoga, der du skal øva på å stola på deg sjølv og ikkje det alle andre seier (inkludert meg - som er litt morosamt). Det vert djupe pust, sterke musklar og mjuke strekk. Aka leiken, mjuk yoga.
8. MARS - KARETHE
Eg har praktisert yoga i snart 30 år. No har eg tatt steget og fulgt drømmen, og er i ferd med å utdanne meg til yogalærar. Det er med spenning og audmjuke eg ynskjer velkomen til ein roleg time med innslag av Hatha og Yin yoga, der me finn ro, og avslutter veka saman. Timen passar både for deg som er ny til yoga, og til deg som har gjort yoga før. Eg ser fram til å ynskje deg velkomen til ein time, på vegen min, mot å bli ferdig utdanna yogalærar 🤍
15. MARS - TRUDE
Jeg er utdannet innen yinyangyoga som er basert på kinsesisk medisin.
Vi starter med Dragedansen som er en miks av yoga og qi gong. Den blir blant annet praktisert av buddhistiske munker for å kultivere kropp og sinn for forsvar og kamp.
Vi lander med yinenergi i lange myke stillinger og rolig pust. Kjenne etter hvilken intensjon du har med det du gjør. Altså ikke hva du gjør, men bevisstheten du gjør det med. Vi sees 🙏🏻
22. MARS - KRISTINA
Eg er utdanna lærar og fysioterapeut. Har sjølv praktisert fleire ulike retningar innan yoga dei siste 7-8 åra, og er sjølv mest glad i Vinyasa. Dei siste tre åra har eg undervist i mediyoga i min noverande jobb, i Friskliv og meistring.
Yogaøkta 22. mars blir ein mjuk flyt: ein kort meditasjon før me beveger oss over i ein aktiv del med mjuk flyt og ei god avspenning til slutt.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Voss Ungdomslag, Uttrågata 18, 5700 Voss, Norge, Voss, Norway
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.







